Interaktiv marknadsbrosjyre for Trafikkpakke 4

Jernbanedirektoratet har fått laga ein interaktiv marknadsbrosjyre som skal gi potensielle tilbydarar av Trafikkpakke 4 enkel tilgang til offentleg tilgjengeleg informasjon om eksterne etterspurnadsdrivarar til bruk i arbeidet med sine tilbod.

Illustrasjonsfoto trafikkpakke 4 b900xh600.jpg

Døme på illustrasjon frå løysinga.

 

- Dette er ei modernisering og forenkling som vi trur marknaden vil setja stor pris på, og som vi håper vil bidra til meir gjennomarbeidde og betre tilbod, seier prosjektleiar for Trafikkpakke 4, Liv Bergqvist.

Gå til interaktiv markedsbrosjye for Trafikkpakke 4.

Den interaktive marknadsbrosjyra, som rådgjevarselskapet Multiconsult har laga på oppdrag av direktoratet, beskriv drivarar som påverkar etterspurnaden i Trafikkpakke 4 (sjå fakta nedst i saka). Dei ulike drivarane er delte inn i tema. Datamaterialet blir presentert gjennom illustrasjonar, kart og tabellar i nettløysinga. Ved å bevega seg rundt og trykka i kart og grafar, får tilbydarane tilgang til data som er viktig med tanke på å vurdera etterspurnaden for persontogreiser, til dømes befolkningsprognosar, arbeidsplassar og pendlarstraumar. Kartløysinga er basert på såkalla GIS (Geografisk informasjonssystem), eit datagrensesnitt der stadfesta informasjon kan presenterast grafisk i form av kart.

Trafikkpakke 4 er i hovudsak sett saman av lokal- og regiontogstrekningar på det sentrale Austlandet. Toglinjene er svært trafikkerte, og rører store delar befolkninga og næringslivet i regionen. Lett tilgang til eit breitt og godt informasjonsgrunnlag er i så måte særleg viktig for dei som skal arbeide med avgjerdsgrunnlag og tilboda.

Informasjonen i den interaktive marknadsbrosjyren er innhenta frå offentleg tilgjengelege kjelder, for strekningane som inngår i Trafikkpakke 4. Kjeldene blir oppgjevne, slik at den einskilde brukar sjølv eventuelt kan skaffa seg utfyllande og utdjupande informasjon.

- Vi håpar at den nye marknadsbrosjyren vil gjere det enklare å bli kjent med Trafikkpakke 4 og bidra til gode førebuing før konkurransegrunnlaget publiserast, avsluttar Bergqvist.

Fakta om Trafikkpakke 4
Trafikkpakke 4 omfattar lokal- og regiontogtrafikk mellom:

  • L1 Spikkestad /Asker – Lillestrøm
  • L2 Stabekk/Skøyen – Ski
  • L3 Oslo S – Jaren
  • L21 Stabekk – Moss
  • L22 Skøyen – Mysen/Rakkestad
  • R20 Oslo S – Halden
  • R30 Oslo S – Gjøvik

Kildehenvisning eksterne markedsdrivere TP4.