Jernbanedirektoratet Avtalar Samhandlingsavtalar

Samhandlingsavtalar

Jernbanedirektoratet inngår samhandlingsavtalar med Entur AS om reiseinformasjon- og billetteringstenester og Norske Tog AS om tilgang på persontogmateriell.  

Samhandlingsavtale med Entur 

Entur AS forvaltar, driv og vidareutviklar ei nasjonal plattform for reiseinformasjon og billettering for kollektivtransport på vegne av staten. Jernbanedirektoratet er ansvarleg for staten sine kjøp av tenester frå Entur. Vi inngår i denne samanheng ein avtale med Entur om digital infrastruktur, reiseinformasjon, billettering og kunderetta tenester innanfor jernbane og øvrig kollektivtransport.

Samhandlingsavtale med Norske tog 

Norske tog AS er eit statleg selskap som eig og forvaltar togmateriellet som er leigd ut til togselskapa. Samhandlingsavtalen Jernbanedirektoratet inngår med Norske tog, skal fremme god verksemdsstyring og sikre at togselskapa til ein kvar tid har tilgang til eigna køyretøy og relevant informasjon på ein kostnadseffektiv og føreseieleg måte. Dette er for å vareta dei avtalte togtenestene som direktoratet har med togoperatørane på ein god måte.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.