Jernbanedirektoratet Utredninger Kartlegging av marknaden for systemtog og vognlast
Malmtog på Ofotbanen

Kartlegging av marknaden for systemtog og vognlast

Jernbanedirektoratet har kartlagt marknaden for systemtransport og vognlast med særskilt fokus på tømmer og malm, og lagt fram retningsliner for finansiering av sidespor, havnespor og terminalar.

Foto: Njål Svingheim

Om kartlegginga

  • Oslo Economics har på oppdrag frå Jernbanedirektoratet kartlagt marknaden i dag og i framtida for systemtransport og vognlast.
  • Kartlegginga er ei oppfølging av godsstrategien som vart utarbeidd i samband med NTP 2022–2033, som påpeiker eit behov for meir kunnskap om marknaden for systemtog og vognlast.
  • Kartlegginga vart levert mai 2022.

Systemtog er tog der heile toget frakter gods av same type, til dømes heiltog med tømmer, malm eller olje. Vognlasttog er tog med lukka godsvogner for ulike vareslag,  i motsetnad til kombitog med containarar og semihengarar.

Kartlegginga har hatt særskilt fokus på marknaden for tømmer og malm. Oslo Economics vurderer at avvirkinga av tømmer kan auke frå dagens nivå på ca. 10 millionar kubikkmeter til opp mot 15 millionar kubikkmeter fram mot 2030. Det vert venta at auken i avvirkning i hovudsak vil gå til eksport, og at dette kan føre til høgare etterspurdnad etter jernbanetransport frå Austlandet til Sverige.  Framtidig etterspurdnad etter jernbanetransport av malm avheng først og fremst av moglegheita gruveverksemdene har til auka utvinning av jernmalm.

Som del av det same prosjektet har Jernbanedirektoratet òg vurdert retningsliner for finansiering av sidespor, havnespor og terminalar. Det er utarbeidd ein eigen delrapport for dette. Her vert det anbefalt at følgjande hovudprinsipp for finansiering av godstiltak blir lagde til grunn for vurdering av finansieringsmodell:

  • Direkte nytte for éin aktør – tiltaket bør vere i privat regi
  • Direkte nytte for ei klart definert gruppe – både offentleg og privat regi kan vere formålstenleg, men private bør bere risiko
  • Direkte nytte for mange aktørar – tiltaket bør vere i offentleg regi

Last ned dokument

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.