Jernbanedirektoratet Nyheter Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør

Anne Iren Fagerbakke blir ny jernbanedirektør

Anne Iren Fagerbakke er tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet. Stillinga er eit åremål på seks år. Fagerbakke kjem frå stillinga som direktør for mobilitet og kollektivtransport i Vestland fylkeskommune.

Den nye jernbanedirektøren har brei leiarerfaring frå kommunal og fylkeskommunal sektor, innan samferdselsfeltet og byutvikling. Ho er sivilingeniør frå NTNU.

Tidlegare jernbanedirektør Knut Sletta sa i sommar opp stillinga si for å bli dagleg leiar i ein allmenning på Hadeland. Fagerbakke tiltrer stillinga etter nærare avtale. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Fagerbakke byrjar.

Fagerbakke vart utnemt som ny jernbanedirektør i statsråd fredag 14. november.

Ann Iren FagerbakkeFoto: Silje Alvsaker / Vestland fylkeskommune
Anne Iren Fagerbakke er tilsett som ny direktør for Jernbanedirektoratet i statsråd fredag 14. november.