Korleis jobbar vi med Nasjonal transportplan (NTP)?
Kvart fjerde år leverer Jernbanedirektoratet saman med dei andre transportverksemdene eit fagleg grunnlag og forslag til prioriteringar til arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP).
NTP er regjeringa sin strategi, plan og oppdrag for transportsektoren dei neste 12 åra.
Dette er Avinor, Bane NOR, Jernbanedirektoratet, Kystverket, Statens vegvesen og Nye Veier AS.
Korleis er prosessen i NTP-arbeidet?
Arbeidet startar med at Jernbanedirektoratet og dei andre transportverksemdene får eit utgreiingsoppdrag for den neste NTP-perioden som vi skal svare på.
Utgreiingsoppdraget består av fleire oppgåver, som går ut på å skildre forskjellige delar av utfordringar og behov for utvikling av transportsystemet i planperioden. Ein stor del av oppgåvene skal transportverksemdene svare ut i fellesskap, mens andre gjeld spesifikt for jernbanen.
Forslag til prioriteringar er eit eige oppdrag, der Statens vegvesen får ansvaret for å foreslå prioriteringar for heile transportsystemet innanfor økonomiske rammer gitt av departementa. Etter at transportverksemdene har levert forslag til prioriteringar, sender Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet dette på høyring.
Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet arbeider vidare med innhaldet i ei stortingsmelding om NTP. Det er departementa som avgjer kva for prioriteringar som skal vere gjeldande i ny NTP-periode. I tillegg til faglege anbefalingar, følger dei opp regjeringa sin politikk. Dei justerer rammene, som kan bli annleis enn dei som gjaldt då transportverksemdene jobba med sine forslag.
Regjeringa legg til slutt fram NTP som ei stortingsmelding for Stortinget.
Kva skjer når NTP er vedtatt?
NTP gir rammene for utviklinga av transportsystema og transporttilbodet i den tolvårsperioda den gjeld. NTP er delt i to seksårsperiodar der ambisjonane for den første seksårsperioden er omtala konkret.
Regjeringa prioriterer kva for transportprosjekt som skal realiserast gjennom løyvingar i det årlege statsbudsjettet.
Jernbanedirektoratet følger deretter opp med å utarbeide ein gjennomføringsplan. Den viser kva som er prioritert i planperioden 2025–2036, og gir ein status for realisering av NTP gitt det kommande budsjettåret sine rammar og prioriteringar. Planen tydeliggjer ansvar, eigarskap og viktige avgjerdsspunkt i utviklinga av det eksisterande og framtidige togtilbodet.
Jernbanedirektoratet følger opp planen gjennom avtalar med Bane NOR, Norske tog, Entur og togoperatørene.
Arbeid med ny NTP
Når Stortinget har behandla den gjeldande NTP-en, startar transportverksemdene på ei ny arbeidsperiode med neste NTP. Då startar verksemdene å jobbe internt med grunnlagsarbeidet for ei ny rullering av NTP, gjennom å utarbeide nye eller oppdaterte utgreingar og strategier.
Kva skal vi oppnå med NTP?
Det overordna målet for NTP er at Noreg skal ha eit effektiv, miljøvennleg og trygt transportsystem i heile landet i 2050. Alle tranportverksemdene jobbar for å nå dei seks transportpolitiske måla som er nedfelt i NTP. Desse er: