Ny rapport anbefaler tiltak for betre styring av jernbaneprosjekt
Ein ny rapport som gjennomgår fire store jernbaneprosjekt, peikar på utfordringar innan prosjektgjennomføring og risikostyring. Samtidig bekreftar den betydninga av tiltak Jernbanedirektoratet allereie har satt i gang for å styrke risikostyring, tidleg varsling og oppfølging av store prosjekt.
Rapporten er utarbeida av Implement Consulting Group og Marstrand AS på oppdrag fra Samferdselsdepartementet, og vart publisert 19. november. Oppdraget har vore å gjennomgå fire store jernbaneprosjekt for å identifisere årsaker til forsinkingar, kostnadsaukingar og utfordringar i gjennomføringa av store infrastrukturprosjekt på jernbanen.
Rapporten viser at fleire store jernbaneprosjekt har møtt større utfordringar enn forventa. Det har bidratt til auka kostnadar og gjort at mange reisande framleis ventar på fleire av dei planlagde forbetringane i togtilbodet.
Samtidig viser rapporten kor viktig det er med tydelege roller, betre informasjon om risiko og tidlegare varsling av problem, slik at det er moglet å sette inn tiltak før konsekvensane blir for store.
– Rapporten peikar på utfordringar vi kjenner igjen, og bekrefter betydninga av fleire av tiltaka vi allereie har satt i gang for å styrke risikostyring og tidleg varsling. Samtidig viser den område kor vi kan bli betre. Det er viktig fordi oppgåva vår er å sørge for at dei reisande får det togtilbodet som er planlagd, og at pengane til fellesskapet blir brukt på ein god måte. Det er grunnlaget for tilliten til jernbanen, seier jernbanedirektør Anne Iren Fagerbakke.
Foto: Kristian B. Helgeland
Prosjekta som Implement og Marstrand har gjennomgått er:
- Fleire og raskare tog på Dovrebanen og utbygginga av Sørli-Åkersvika
- Fleire tog på Trønderbanen
- Fleire og raskare tog på Vestfoldbanen
- Innfasing av ERTMS
Anbefaler betre styring og risikohandtering
Fleire av anbefalingane handlar om å få fram risiko tidligare, styrke styringa av store prosjekt og sikre meir realistiske planar. Rapporten anbefaler blant anna:
- Bruke meir tid på planlegging og utgreiing før store prosjekt blir satt i gang.
- Bane NOR må levere tidlegare, tydelegare og meir presise risikovarslar til Jernbanedirektoratet.
- Flytte ekstern kvalitetssikring (EKS) til styret i Bane NOR, med ei tydeleg rolle for Jernbanedirektoratet.
- Styrke porteføljestyringa i Bane NOR.
- Gjennomføre replanlegging av ERTMS på ein ny måte, med trinnvis utvikling.
Les rapport
Rapporten er publisert på nettsidene til Samferdselsdepartementet: