Jernbanedirektoratet Nyheter Ber om avgjerdsgrunnlag for nattog til København

Ber om avgjerdsgrunnlag for nattog til København

Samferdselsdepartementet ber nå Jernbanedirektoratet om eit endeleg avgjerdsgrunnlag for ei eventuell nattogrute mellom Oslo og København. Grunnlaget skal innehalde både ei vurdering av marknaden og av den samfunnsøkonomiske lønnsemda for eit slikt nattogtilbod.

Sovevogn fra østerrikske statsbane, ÖBB.Foto: Njål Svingheim
Sovevogn frå dei austerrikske statsbanane, ÖBB, selskapet som har bidratt mykje til å halde liv i nattoget i Europa.

Bakgrunnen for at direktoratet nå blir bedt om å gå vidare med undersøkingane rundt ei mogleg gjenopptaking av nattogtilbodet Oslo–København er ei vurdering som vart gjort tidlegare i haust på oppdrag frå Samferdselsdepartementet. I den vurderinga konkluderte Jernbanedirektoratet med at det er mogleg å starte opp med eit nattog mellom dei to hovudstadene frå hausten 2024, og at det mest tidskritiske kan vere å finne eigna togmateriell for ei slik rute.

I supplerande tildelingsbrev nr. 8 for 2021 blir Jernbanedirektoratet bedt om å gå dialog med Norske tog for å få vurdert og eventuelt få i gang ein ikke-forpliktande prosess rundt det å skaffa eigna togmateriell.

Samstundes blir Jernbanedirektoratet bedt om å aktivt ta del i den europeiske arbeidsplattforma International Rail Passengers Platform for å bidra til arbeidet med å forbetre den grensekryssande togtrafikken i Europa.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.