Jernbanedirektoratet Nyheter Knut Sletta blir ny jernbanedirektør

Knut Sletta blir ny jernbanedirektør

– Knut Sletta har lang erfaring frå offentleg forvalting, mellom anna frå samferdselssektoren rundt Oslo-området. Denne kompetansen gir han ein god og brei bakgrunn for å leie Jernbanedirektoratet, som skal utvikle jernbanen i Noreg som ein del av det samla transportsystemet, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Knut Sletta
Knut Sletta blir ny jernbanedirektør frå 1. september 2021.

Fylkesdirektør Knut Sletta er i statsråd i dag tilsett som ny jernbanedirektør for eit åremål på seks år. Han tiltrer stillinga 1. september 2021.

Tidlegare jernbanedirektør Kirsti Slotsvik sa i november i fjor opp si stilling for å leie eit utviklingsselskap i Ålesund. Ho slutta i Jernbanedirektoratet i februar i år. Marit Rønning er fungerande jernbanedirektør fram til Sletta byrjar i stillinga.

Knut Sletta er samfunnsøkonom med lang erfaring frå offentleg forvalting, 54 år og bur på Harestua. Han blei utdanna samfunnsøkonom ved Universitetet i Oslo i 1992.

Sletta har arbeidd i alt 15 år i Kunnskapsdepartementet, inkludert ni år som avdelingsdirektør. I 2008 blei han tilsett som kundedirektør i Direktoratet for økonomistyring (no Direktoratet for forvaltning og økonomistyring), før han i 2012 blei fylkesdirektør i Akershus fylkeskommune. Sletta overtok som assisterande fylkesrådmann i 2016, og seinare fylkesrådmann. Frå 2020 har han vore fylkesdirektør for samferdsel i Viken fylkeskommune.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.