Togtilbodet blir auka betydeleg på mange strekningar

Frå i haust og utover i 2022 vil togtilbodet bli vesentleg betre på ei rekke strekningar. Togselskapa GoAhead, SJ Norge og Vy tog har gjennom trafikkavtalane dei har vunne forplikta seg til å styrke togtilbodet. Både på fjernstrekningene og på ei lang rekke regionstrekningar blir det derfor fleire togavgangar.

Togselskapa som har vunne dei første tre trafikkpakkene har óg forplikta seg til å auke rutetilbodet. (Illustrasjonsbilde: Øystein Grue)

-Togtilbodet blir vesentleg betre på nesten alle strekningar utover i 2022. – Bakgrunnen for dette er at planane til selskapa for vidareutvikling av togtilbodet utover minimumskrava vart tillagt stor vekt då vi evaluerte dei ulike tilboda i konkurransen om trafikkpakkane, seier direktør for persontrafikkavtalar i Jernbanedirektoratet Hans Kristensen. Det togtilbodet som var definert som eit minimumstilbod i avtalane var i all hovudsak det tilbodet som vart køyrt før konkurranseutsetjinga. -Gjennom dei avtalane som er inngått har selskapa forplikta seg til å gjere tilbodet betre på dei fleste strekningane. Betringane skjer samstundes som vederlaget frå staten til kjøp av persontransport blir vesentleg redusert, seier Kristensen.

I perioden frå mars 2020 har det vorte køyrt eit redusert rutetilbod som følgje av reiserestriksjonane under pandemien, men auken i togtilbodet som kjem frå no i haust og utover i neste år er altså ein auke i høve til det ordinære rutetilbodet før pandemien.

Her er eit oversyn over den planlagde trafikkauken
• På Bergensbanen aukar talet på avgangar Oslo-Bergen på dagtid frå tre til fem i kvar retning
• På Dovrebanen aukar talet på avgangar på dagtid frå tre til seks i kvar retning i løpet av 2022
• På Vossebanen blir det tilnærma timesfrekvens Bergen-Voss og fleire avgangar Bergen-Arna
• På Jærbanen blir det endring frå 60- til 30-minutts intervall laurdagar og søndagar mellom Stavanger og Nærbø. I tillegg enkelte ekstra avgangar på kvardagar Stavanger-Sandnes.
• På Rørosbanen blir det innført tilnærma to-timers frekvens mellom Hamar og Røros
• På Rørosbanen blir det ein ekstra avgang i kvar retning mellom Røros og Trondheim
• På Trønderbanen blir det auke frå to-timers frekvens til timesfrekvens laurdagar og søndagar, og dessutan på kveldane på kvardagar
• På Trønderbanen blir det ein ny tidleg morgonavgang mellom Steinkjer og Melhus. Toget er så tidleg på Værnes at det korresponderar med dei første morgonflya frå Trondheim Lufthavn.
• På Meråkerbanen blir det ein ekstra avgang i kvar retning mellom Trondheim og Storlien
• På Nordlandsbanen blir det ein ny avgang frå Mosjøen til Bodø i kvar retning laurdagar, passande for dagsturar
• På Raumabanen blir det planlagd ein auke frå 4 til 6 avgangar på kvardagar
• På Arendalsbanen er det etablert ein ekstra avgang i kvar retning

Dei første tilbodsbetringane kjem på Jærbanen frå august 2021 og frå ruteterminskiftet i desember 2021 på andre strekningar. Utover i 2022 kjem alle nemnde betringane.
Frå desember 2022 blir det lagd så opp til ytterlegare tilbodsbetringar på Sørlandsbanen:

  • Det blir auka frå sju til åtte avgangar i kvar retning på dagtid Oslo – Kristiansand – Stavanger, noko som gjer to-timers frekvens heile dagen.
  • Det blir vurdert morgonekspressar Kristiansand-Oslo og Kristiansand-Stavanger for å redusere reisetida mellom storbyane. Eventuell endring av stoppmønster for desse toga skjer i dialog med fylkeskommunane.

Sjå óg: Regjeringa.no

FrPå Trønderbanen blir det både fleire avgangar og nye tog. (Foto: Njål Svingheim)