Jernbanedirektoratet Nyheter Fjerntog: Eit fleirtal vil reise like mykje eller meir etter pandemien

Fjerntog: Eit fleirtal vil reise like mykje eller meir etter pandemien

Kundane vender tilbake til fjerntoga etter ein dramatisk passasjersvikt under pandemien. Vi må likevel vente litt på dei store turistmassane, viser ei undersøking utført av Multiconsult på oppdrag frå Jernbanedirektoratet. 

Undersøkinga er gjennomført for å gi direktoratet informasjon om korleis pandemien kan tenkast å påverke marknadsgrunnlaget for fjerntogtrekningane dei næraste åra. Det vart gjennomført ei spørjeundersøking blant dei fjerntogreisande ved påsketider i år. I tillegg vart tog- og bussoperatørar og andre innan reiselivsbransjen intervjua for å få innsikt om utanlandske reisande.

Fjerntog KristiansandFoto: Njål Svingheim
70 prosent av passasjerane med fjerntoga seier dei vil reise like mykje eller meir samanlikna med tida før pandemien. 

Fritidsreisande

Spørjeundersøkinga syner at 70 prosent av fjerntogpassasjerane vil reise like mykje eller meir samanlikna med før pandemien, medan 30 prosent seier at dei truleg vil reise mindre. Blant desse 30 prosentane er det ein høgare del av regelmessige reisande, noko som gjer at det berre blir venta ei beskjeden auke totalt. Blant dei 70 prosentane som seier dei vil reise meir med fjerntog er det ein høg del av fritidsreisande. Då desse ikkje reiser så ofte som dei som tar toget i jobbsamanheng, så bidrar dei altså ikkje like mykje når summen skal vektes.

Miljøfortrinn

Mange av dei spurde oppgir at togets miljøfortrinn påverkar valet av transportform, noko som bidrar til den venta auken i ferie- og fritidsreisande med fjerntog. Pandemien har stadig mindre påverknad på reiseåtferda. Unntaket er heimekontoreffekten, som ventes å gi ein varig reduksjon i talet på arbeids- og forretningsreiser samanlikna med før pandemien.

Turistar

Undersøkinga viser vidare at det vil ta litt tid før talet på utanlandske turistar på norske fjerntog er tilbake på nivået før pandemien. Dei europeiske og nordamerikanske marknadene er på veg tilbake, og talet på turistar derifrå er venta å nærme seg 2019-nivå allereie i 2022. Svært mange av desse vel å reise med fjerntog når dei er på besøk. Etterspørselen frå den asiatiske marknaden er likevel framleis svært låg, og er ikkje venta å ta seg skikkeleg opp før i 2024–25. Nokre av årsakene er besøkande frå dei store landa Kina og Russland, som blir avgrensa av pandemi og krigshandlingane i Ukraina.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.