Jernbanedirektoratet Nyheter Same takst på buss og tog i Trondheimsområdet

Same takst på buss og tog i Trondheimsområdet

Frå mars blir det same takst for alle kollektivreiser i Trondheimsområdet. – Dette gjer det enklare å velje kollektivt og mange får billettprisane kraftig redusert, seier Anne Skolmli, Jernbanedirektoratet sin leiar av regional samhandling Nord og Midt-Norge.

– Dette er veldig godt nytt for kollektivreisande i Trondheimsområdet, seier Skolmli. 

SJ NordFoto: Njål Svingheim
Frå mars blir det same takst for buss- og togbillettar i Trondheimsområdet.

Det var i fjor haust at avtalen om felles takstsystem vart inngått, men førebels har dette berre vore på plass for periodebillettane. Frå 1. mars blir det same pris uansett reisemåte i kollektivtrafikken i kommunane Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. Det betyr at til dømes ein togbillett frå Værnes til Trondheim kjem til koste 42 kroner i staden for 106 kroner.

– For å sikre at alle får riktig pris kjem SJ Norge til å samordne sin billett-app med kollektivselskapet AtB sin app slik at ein får same og riktig pris uansett, fortel Anne Skolmli.

 – Bakgrunnen for at det nå blir felles billettar og takstsystem, og dessutan betre rabattordningar i Trondheim og nabokommunane er det såkalla bompengeforliket i Stortinget og ein tilleggsavtale som vart inngått i mars 2020. Tilleggsavtalen til byvekstavtalen for Trondheimsområdet inneheldt mellom anna 500 millionar kroner til reduserte kollektivtakstar i ein ti-årsperiode.

Det nye takstsystemet vil gjere at mange togbrukarar får meir enn halvert billettprisane sine og mange bussbrukarar får langt billegare billettar enn i dag.

Nokre punkt frå avtalen:

  • Lik pris for tog og buss i Trondheim, Melhus, Malvik og Stjørdal. (Det inkluderer f.eks òg tog til og frå flyplassen frå Trondheim til Værnes).
  • Aldersgrensa på barnebillett blir utvida heilt til fylte 20 år.
  • Varigheita til enkeltbillettar blir utvida til tre timar utanom rushtidene.
  • Det skal utviklast eit eige billettprodukt mynta på dei som har delvis hjemmekontor slik at det blir gunstig for dei å velje kollektiv dei dagane dei reiser til og frå arbeidsplassen.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.