Jernbanedirektoratet Nyheter Tiltaksplan skal gi betre driftsstabilitet og kundeoppleving

Tiltaksplan skal gi betre driftsstabilitet og kundeoppleving

Tettare samarbeid, klarare prioriteringar og betre verktøy er blant tiltaka som skal gi betre stabilitet i togtrafikken og betre informasjon til kundane ved avvik. På oppdrag frå Samferdselsdepartementet har Jernbanedirektoratet laga ein tiltaksplan for betre driftsstabilitet og kundeoppleving ved avvik i trafikken.

– Målet er klare forbetringar, men det finst ingen snarvegar i dette arbeidet, seier fungerande direktør for sektorsamordning i Jernbanedirektoratet, Øivind Hauge Støle.

Bakgrunnen for arbeidet er at ein god stabilitet i jernbanedrifta er avgjerande for å nå transportpolitiske målsetjingar og auka konkurranseevne for næringslivet. –Både togpassasjerane og godsaktørane opplever i periodar eit togtilbod som er uføreseieleg og lite påliteleg  på grunn av driftsavvik, seier Hauge Støle.

Årsakene er samansette, store delar av jernbanenettet er gammalt og prega av eit stort vedlikehaldsbehov, det er mange ulike signalsystem som skal fungere saman og aukande togtrafikk aukar også slitasjen. Informasjonen som blir gitt ved avvik og sjølve handteringa av avvika opplevast også som mangelfull.

Derfor er det no laga ein tiltaksplan for både å betre driftsstabiliteten og ein eigen plan for å betre kundeopplevinga ved driftsavvik. Også dei planlagde avvika som blir gjennomførte for å oppgradere anlegga vert opplevd av kundane som ei belastning, og er derfor inkluderte i planen.

Tettare samarbeid

– Driftsstabilitet er derfor noko av det viktigaste me jobbar med på jernbanen. For å redusere talet på forseinkingar og innstillingar, skal verksemdene i sektoren derfor jobbe tettare saman. Betre samarbeid skal også bidra til betre kundeoppfølging når tog ikkje er i rute, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Som ansvarleg for infrastrukturen, har Bane NOR eit hovudansvar for å vareta driftsstabiliteten, det betyr også å vurdera kva tiltak som er mest effektive for å løysa utfordringane. Samstundes har det mykje å seie at aktørane i sektoren jobbar godt saman og at alle bidreg best mogleg innanfor eige ansvarsområde.

Ny teknologi

– Det er laga nye arenaer for tettare samarbeid, og Jernbanedirektoratet skal koordinere arbeidet og følgje opp aktørane tett gjennom dette arbeidet, seier Hauge Støle. Mykje arbeid er i full gang, og det blir jobba med mellom anna ny teknologi for å finne komponentar med svakheiter før dei feilar og fører til stans i trafikken. Det blir jobba med nye og betre informasjonssystem, og det blir jobba praktisk med betre opplegg for sjølve avvikshandteringa når noko skjer.

– Her blir det altså jobba langs fleire spor samstundes, seier Hauge Støle. – Vi må både få til ei betre og meir stabil jernbanedrift, og me må styrkja informasjon og handtering når problem oppstår. Eit anna svært viktig prosjekt er innføringa av det nye digitale signalsystemet ERTMS, som på litt lengre sikt vil gi langt færre signalfeil. Ein type feil som står for ein stor del av driftsforstyrringane i togtrafikken.

Sektoren løfter saman

Arbeidets viktigheit vert understreka av tala som ligg føre. Sjølv om den samla punktlegheita i togtrafikken ikkje ligg så langt unna 90 prosent, så var talet på forseinkingstimar i andre tertial i år 40 prosent høgare enn i same periode i fjor. Konsekvensane for samfunnet og for kvar enkelt kunde er store kvar gong noko skjer.

– Derfor er det så viktig at vi løfter saman i heile sektoren, seier Øivind Hauge Støle.

Last ned tiltaksplan

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.