Jernbanedirektoratet Nyheter Togpassasjerane er mindre nøgde

Togpassasjerane er mindre nøgde

Jernbanedirektoratet si undersøking av kundetilfredsheit syner ein nedgang frå fjerde kvartal i fjor til første kvartal i år. – Resultata reflekterer utfordringane med punktlegskap dei siste månadene, og strekar under behovet for eit meir stabilt togtilbod, særleg på Austlandet, seier jernbanedirektør Knut Sletta.

Den ferske undersøkinga syner at det er særleg punktlegskapen og kundeinformasjonen når toga ikkje er i rute som dreg tilfredsheita ned, medan kundane er jamt over godt nøgde med servicen om bord og reinhaldet på toga.

Follobanen passasjererFoto: Øystein Grue
Problema med Follobanen og for mange forseinkingar i togtrafikken, særleg på Austlandet, bidreg til at kundane er mindre nøgde. Det syner den første kundeundersøkinga i år.

Program for punktlegskap

På ein skala frå 1 til 100, var den samla kundetilfredsheita i første kvartal 76. Det er ein nedgang på tre poeng frå førre måling. Særleg på Austlandet har det dei siste månadene vore mange avvik og for låg punktlegskap, i tillegg til problema med Follobanen.

– Vi veit at det er ein sterk samanheng mellom kundetilfredsheit og punktlegskap. Det er laga ein omfattande tiltaksplan med formål å betre stabiliteten i drifta, og å gi betre informasjon når noko skjer, seier Knut Sletta. Arbeidet er eit samarbeid mellom Bane Nor, togselskapa og Jernbanedirektoratet.

SJ sine kundar er mest nøgde

SJ Nord, som mellom anna køyrer toga mellom Oslo og Trondheim og Trondheim og Bodø, hadde som einaste selskap ei betring i kundetilfredsheita på denne målinga.

– Eg vil gratulera SJ med gode resultat. Dei har jobba målretta med kundeoppleving og servicen om bord, noko kundane set pris på, seier Sletta.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.