Bane NOR og Jernbanedirektoratet har revidert avtalane
Revidert nasjonalbudsjett (RNB) for 2026 er vedtatt i Stortinget. No blir vedtaka fulgt opp gjennom supplerande tildelings- og oppdragsbrev frå Samferdselsdepartementet, og reviderte infrastrukturavtalar mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR.
Som følgje av vedtatt revidert nasjonalbudsjett for 2026 (RNB) no i juni, må avtalane mellom Jernbanedirektoratet og Bane NOR om utvikling av infrastrukturen justerast. Nye oppdaterte infrastrukturavtalar er difor underteikna denne veka.
Reviderte avtalar
E01 Planlegging og bygging av infrastruktur for nytt togmateriell
Frist for ferdigstilling av infrastrukturen er endra til mars 2027 på grunn av forseinka levering av dei nye toga som skal trafikkere L1 og L2 i Osloområdet.
E08 Fleire og raskare tog på Dovrebanen: To regionekspresstog i timen Oslo–Hamar (bygging)
Ny frist for ferdigstilling er 2032. Med frist i 2026 skal i tillegg Bane NOR skildre kva for moglegheiter ein ser for ei meir trinnvis utbygging, samt gi eit totalbilde på kostnad og tid for heile infrastrukturavtalen.
E16 Fleire og raskare tog på Vestfoldbanen (Oslo–Skien) (planlegging)
Samferdselsdepartementet har varsla i RNB at dei kjem tilbake med en nærmere utgreiing for vidare framdrift i effektpakken i budsjettforslaget for 2027. I 2026 vil Bane NOR legge til rette for dette gjennom å utarbeide nødvendig underlag. Vidare arbeid krev at det blir inngått større kontraktar knytt til oppstart av reguleringsplanarbeidet. Dette vil binde opp framtidige utgifter.
E22 Fleire og raskare tog på Østfoldbanen (Oslo–Fredrikstad) (planlegging)
Samferdselsdepartementet har varsla i RNB at dei kjem tilbake med ei nærmare utgreiing for vidare framdrift i effektpakken i budsjettforslaget for 2027. I 2026 blir nødvendig arbeid gjennomført med utvikling av infrastrukturkonsept i effektpakken for å forbetre oppstart av reguleringsplanarbeidet.
Nye avtalar
E26 Integrering av tilbringertenesten (bygging)
Infrastrukturavtalen skal legge til rette for tilbudsforbedring når togtilbudet blir endra på Austlandet i tilknyting til at flytoget blir integrert i øvrig regiontogtrafikk.
E30 Innføring av ny togradio (FRMCS) (planlegging)
Dagens togradiosystem (GSM-R) er basert på 2G-teknologi som blit fasa ut i løpet av 10 år. For å oppretthalde togradiofunksjonen skal eit nytt europeisk togradiosystem, Future Railway Mobile Communication System (FRMCS), erstatte GSM-R. Infrastrukturavtalen inneber å erstatte eksisterende togradio (GSM-R) med ny togradio FRMCS på heile det nasjonale jernbanenettet.