Jernbanedirektoratet Nyheter Det reduserte togtilbodet på Sørlandsbanen blir vidareført

Det reduserte togtilbodet på Sørlandsbanen blir vidareført

Jernbanedirektoratet har godkjent førespurnaden frå Go-Ahead Norge om å forlenge dagens reduserte togtilbod på Sørlandsbanen. Utvidinga varer til midten av februar.

Feil på type 73-togsetta på Sørlandsbanen har ført til innstillingar og dårleg punktlegheit. I sommar aksepterte difor Jernbanedirektoratet ein reduksjon i avgangar for å gi Go-Ahead Norge, som opererer trafikken på Sørlandsbanen, moglegheit til å ta togsett ut av drift for vedlikehald.

Behovet for vedlikehald på togsetta er framleis stort, og Go-Ahead har utfordringar med å skaffe reservedelar. Jernbanedirektoratet har difor akseptert førespurnaden om å forlenge reduksjonen i avgangar til og med 14. februar 2027.

Fjerntog på Sørlandsbanen Foto: Njål Svingheim
Feil på type 73-togsetta på Sørlandsbanen har ført til innstillingar og dårleg punktlegheit.

Reduksjonen i talet avgangar gjer drifta meir gjennomførbar gitt materiellsituasjonen, slik at passasjerane får eit meir forutsigbart togtilbod kor planlagde avgangar går som avtalt.

– Vi liker ikkje å redusere avgangar, men vi ser at denne reduksjonen har gitt meir stabilitet i togtilbodet til passasjerane. Talet på planlagde avgangar som faktisk blir køyrde, har gått opp, samtidig gir reduksjonen Go-Ahead moglegheit til å gjennomføre det vedlikehaldet som er nødvendig, seier Erik Lund, avdelingsdirektør i Jernbanedirektoratet.

Jernbanedirektoratet har dialog med Go-Ahead rundt materiellsituasjonen. Togselskapet skal legge fram konkrete planar for vedlikehaldet og rapportere på framdrifta i faste statusmøter annakvar veke.

Korleis påverkar dette passasjerane?

Vidareføringa av det reduserte togtilbodet betyr at enkelte avgangar framleis vil vere innstilt. Det er ingen nye avgangar som blir innstilt. Det gjeld dei følgande avgangane:

Desse blir innstilt på kvardagar:

  • Tog 701 med avgang 05.02 (Kristiansand–Stavanger)
  • Tog 708 med avgang 08.47 (Stavanger–Oslo)
  • Tog 717 med avgang 17.25 (Oslo–Kristiansand)

Desse blir innstilt i helger:

  • Laurdagar – tog 710 med avgang 10.16 (Stavanger–Oslo)
  • Søndagar – tog 713 med avgang 13.25 (Oslo–Stavanger)

Eit krav for å vidareføre det reduserte togtilbodet er at det blir satt opp alternativ transport for passasjerar som nyttar dei gjeldande avgangane til arbeids- og skulereiser.

For pendlarar mellom Moi og Egersund som nyttar 701-toget, blir det satt opp alternativ transport med overgang til Jærbanen sine lokaltog i Egersund. For pendlarar med 717-toget blir det satt opp alternativ transport mellom Oslo S–Neslandsvatn.