Jernbanedirektoratet Nyheter Fleire avgangar på Trønderbanen frå desember 2029

Fleire avgangar på Trønderbanen frå desember 2029

Hovuddelen av det planlagde forbetra togtilbodet på Trønderbanen blir innført frå desember 2029. Samtidig må enkelte planlagde forbetringar vente til nytt digitalt signalsystem er på plass.  

Jernbanesatsinga på Trønderbanen skal gi fleire avgangar og betre kapasitet. Frå desember 2029 blir tilbodet med to tog i timen mellom Melhus, Trondheim og Stjørdal utvida frå i hovudsak å gjelde rushtida til å bli eit fast tilbod gjennom heile dagen. I tillegg blir det eit fast tilbod med eitt tog i timen til og frå Støren. 

– Vi har saman med Bane NOR arbeida for å få på plass dei planlagde forbetringane på Trønderbanen til tross for at det nye digitale signalsystemet er forsinka. Sjølv om ikkje alt kan gjennomførast samtidig, er det no avklart at hovuddelen av det nye togtilbodet kan bli innført frå desember 2029, seier assisterande jernbanedirektør Marit Rønning i Jernbanedirektoratet.    

Nokre forbetringar må vente 

Dei planlagde ekstra rushtidsavgangane mellom Stjørdal og Steinkjer blir ikkje innført i 2029. Dei blir innført samtidig med det nye digitale signalsystemet ERTMS. Jernbanedirektoratet og Bane NOR jobbar no med ein heilskapleg plan for dette. 

Dagens signalanlegg gjer det mogleg å gjennomføre store delar av tilbodsforbetringa, men ikkje alle dei planlagde avgangane nord for Stjørdal. 

For reisande mellom Stjørdal og Steinkjer betyr dette at dagens tilbod blir vidareført fram til det blir mogleg å innføre dei planlagde ekstra rushtidsavgangane. 

Endringar i stoppmønsteret 

Når det nye togtilbodet blir innført, vil Trønderbanen etter planen ikkje lenger stoppe på Ronglan, Hell, Rotvoll, Lerkendal, Kvål og Selsbakk. Bergsgrav stasjon vil framleis bli betent med eitt tog i timen gjennom dagen, men får ikkje dei planlagde ekstra rushtidsavgangane. 

Endringane i stoppmønsteret har vore ein del av planane for det framtidige togtilbodet over fleire år og er ikkje ein følge av forsinkingane i ERTMS. 

– Vi er klar over at endringane vil få konsekvensar for nokon reisande. Men dette er nødvendig for å kunne tilby fleire avgangar og eit meir påliteleg togtilbod på dei delane av strekninga kor flest reiser med tog, sier Rønning. 

Held framdrift 

Bane NOR har ansvaret for utbygginga av tiltaka som skal styrke infrastrukturen på Trønderbanen. Arbeidet, som har fått navnet Kapasitetsøkende tiltak på Trønderbanen, følger planen. Alle dei 20 delprosjekta er forventa ferdigstilt i løpet av 2029. 

– Vi er allereie godt i gang med fleire av prosjekta i porteføljen. På Stjørdal pågår det omfattande arbeid med spor, plattformer og kulvert. Prosjektet på Sparbu nærmer seg ferdigstilling, og kryssingssporet på Alstad blei satt i drift i september, sier Alexander Mosbakk. Han er prosjektdirektør for Utbygging Midt-Nord.

På Verdal stasjon blei to nye plattformer og spor tatt i bruk i sommer. Samtidig er arbeida på Melhus og Ler godt i gang. Medan dobbeltsporet mellom Lademoen og Marienborg no er inne i oppstartsfasen. 

– Vårt oppdrag er å legge til rette for eit betre togtilbod på Trønderbanen. Ved å vidareføre dagens signalsystem kan vi realisere målet om fleire togavgangar og auka kapasitet for både person- og godstrafikken innan desember 2029, sier Mosbakk.

Togtilbodet frå desember 2029

To tog i timen

mellom Melhus, Trondheim og Stjørdal gjennom hele dagen.

Eitt tog i timen

til og frå Støren.

Fakta: Fleire tog på Trønderbanen

  • Frå desember 2029 blir det eit fast tilbod med to tog i timen mellom Melhus, Trondheim og Stjørdal gjennom hele dagen.
  • Det blir eitt tog i timen til og frå Støren.
  • Dei planlagde ekstra rushtidsavgangane mellom Stjørdal og Steinkjer kjem når nytt digitalt signalsystem (ERTMS) er på plass. Jernbanedirektoratet og Bane NOR skal utarbeide ein oppdatert framdriftsplan for ERTMS våren 2027.
  • Trønderbanen vil etter planen ikkje lenger stoppe på Ronglan, Hell, Rotvoll, Lerkendal, Kvål og Selsbakk.
  • Bergsgrav beheld togtilbodet med eitt tog i timen gjennom dagen, men får ikkje dei planlagde ekstra rushtidsavgangane.
  • Trønderbanen reknast som strekninga Støren–Trondheim–Steinkjer og utgjer deler av både Dovrebanen og Nordlandsbanen.

Les også

Første spadetak for flere tog på Trønderbanen. Fra venstre fylkesordfører Tomas Iver Hallem (Sp), ordfører i verdal: Knut Snorre Sandnes (H) og statsekretær Cecilie Knibe Kroglund i Samferdselsdepartementet.
Jernbanemagasinet

Oppstart for etterlengtet utbygging i Trøndelag

Nylig ble anleggsstarten for en omfattende utbygging av kapasiteten på jernbanen i Trøndelag markert. Til sammen 20 tiltak til en samlet pris av 4,2 milliarder kroner skal gjennomføres fra Støren i sør til Steinkjer i nord. Det gir en kraftig økning i togtilbudet. Anleggsstarten skjedde på Verdal stasjon.