GoAhead inngår avtale med Aarbakke for boggirevisjonar
No skal toga på Jærbanen komme raskare tilbake i trafikk etter verkstadbesøk. For første gang skal togmateriell bli halde ved like av eit selskap frå olje- og gassindustrien.
GoAhead har inngått avtale om revidering av boggiar hos Bryne-bedrifta Aarbakke AS. Samarbeidet blei presentert for både næringsliv og politikarar tirsdag 24. november.
Som kjent er det for liten kapasitet i dei tradisjonelle togverkstadane til å kunne ta unna alt arbeidet som ventar. Stor slitasje på tog og ein situasjon der dei eldre toga må haldast lenger i trafikk enn føresett, bidrar til å forsterke kapasitetsmangelen på verkstadtenester. No har GoAhead gått nye vegar for å få ned ventetidene og få fleire tog raskare tilbake i trafikk.
Olje- og gassfirmaet Aarbakke AS på Bryne har inngått avtale om revisjon av boggiane på GoAhead sine togsett. I alt har GoAhead 80 boggiar som må inn til revisjon etter bestemte terminar.
– For oss er ikkje dette komplisert arbeid, seier Håkon Oma, dagleg leiar hos Aarbakke. – Det som er mest krevande er å ha på plass det vi treng av reservedelar og all dokumentasjon som må til.
Kva er ein boggi?
Ein boggi er hjulunderstellet som vognene kvilar på og har to hjulakslar.
Foto: Oda Riska
Sparer tid
GoAhead har til no måtte sende sine boggiar til Oslo for revisjon. Med køar for å sleppe til i verkstadane, har dette ført til innstillingar på Jærbanen.
– Målet med dette er å få meir påliteleg togtrafikk og færre innstillingar, seier kommersiell direktør i GoAhead, Simen Rohde. Håpet er at dette samarbeidet gir konkrete resultat i form av betre regularitet på Jærbanen allereie ved juletider.
For Aarbakke kan eit slikt innsteg i jernbanesektoren gi bedrifta fleire bein å stå på. Behovet for verkstadtenester for jernbanemateriell er stort.
Foto: Oda Riska
Godt mottatt
Ein av politikarane som var til stades på presentasjonen av samarbeidet, var Bård Hoksrud frå Framskrittspartiet, som også er leiar av Stortinget sin samferdselskomite.
– Det er veldig spanande at ei bedrift i olje- og gassnæringa inngår eit slikt samarbeid, og kanskje kan dette vere starten på noko heilt nytt med oppdrag frå både innland og utland, uttalte Hoksrud. Han berømma også jobben GoAhead har lagt ned for å få til raskare revisjon av boggiar og dermed få toga raskare tilbake i trafikk.
– Med dette går GoAhead nye vegar innan komponentvedlikehald, seier seksjonsleiar Anders Venbakken i persontrafikkseksjonen i Jernbanedirektoratet. – Frå vår ståstad er det veldig positivt at togoperatørane sjølv utviklar nye underleverandørar slik vi ser her, sier han.
Foto: Njål Svingheim