Jernbanedirektoratet Nyheter Jernbanedirektoratet skal lage moglegheitsstudie av jernbanestrekninga Oslo-Stockholm

Jernbanedirektoratet skal lage moglegheitsstudie av jernbanestrekninga Oslo-Stockholm

Samferdselsdepartementet har gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre ein moglegheitsstudie av jernbanestrekninga Oslo–Stockholm. Studien skal gi eit grunnlag for å kunne ta stilling til om – og i så fall korleis – ein kan arbeide vidare med å forbetre togtilbodet mellom Oslo og Stockholm.

– Vi ønskjer at fleire reisande skal velje grøn togtransport, ikkje berre i Noreg, men òg på tvers av landegrensene. Fram til koronapandemien råka oss, auka reisetala for togtilbodet Oslo–Stockholm. Dette viser at folk er interessert i å reise klimavenleg på utanlandsreiser. Jernbanedirektoratet skal sjå på moglegheiter for å gjere togtilbodet mellom dei to hovudstadane betre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Tog fra Stockholm på Oslo SFoto: Njål Svingheim
Tog frå Stockholm har kome til Oslo S. No skal moglegheitene for ei raskare togforbinding mellom hovudstadane undersøkast.

Overordna vurderingar

På eit overordna nivå skal moglegheitsstudien ta for seg:

  • Marknadsmessige vurderingar – inkludert analyse av kva reisetid har å seie for passasjertalet
  • Kapasitetsvurderingar – om ei jernbaneline mot Arvika i Sverige bør kome inn til Oslo frå Lillestrøm eller Ski
  • Økonomiske vurderingar – mellom anna samfunnsøkonomiske vurderingar og vurderingar av kostnadsestimat for traséalternativa over høvesvis Lillestrøm og Ski

Moglegheitsstudien skal òg sjå hen til innspel frå ikkje-statlege initiativ. Dette inkluderer ei vurdering av økonomisk lønsemd i prosjektet «Oslo–Stockholm 2.55». Jernbanedirektoratet skal ikkje vurdere alternative finansieringsformer som føreset forskotering eller at staten dekkjer utgiftene over tid. Det er lagt opp til at Jernbanedirektoratet skal ta initiaitv til samarbeid med svenske Trafikverket om moglegheitsstudien.

Vidare framdrift

Fristen for å oversende rapport frå moglegheitsstudien til Samferdselsdepartementet er 1. oktober 2022. På bakgrunn av moglegheitsstudien vil departementet vurdere om det er grunnlag for å gjennomføre ei konseptvalutgreiing om jernbanestrekninga Oslo–Stockholm.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.