Noreg treng ein sterkare – ikkje svakare – jernbane
Det blir meningslaust eksplisitt å snakke om at jernbanen kun utgjer 5 prosent av all transport i Norge.
Dette er ein kronikk frå assisterande jernbanedirektør Marit Rønning som opprinneleg stod på trykk i Aftenposten 25. februar 2026.
Kronikken av Aslak Versto Storsletten, kor han nyleg hevda at jernbaneinvesteringar i stor grad er ulønsame for samfunnet, gir eit bilete som ikkje samsvarar med dei utfordringane Noreg faktisk står overfor. Samfunnsøkonomiske analyser er viktige verktøy, men dei må bli forstått i lys av kva dei måler – og kva dei ikkje fangar opp.
Det er brei semje om at Noreg skal nå klima- og miljømål, sikre robuste transportårer og utvikle berekraftige byar og regionar. Jernbanen speler ei viktig rolle i alt dette, ofte på måtar som ikke fullt ut kan tallfestast i ei tradisjonell nytte–kostnadsanalyse.
Ja, enkelte jernbaneprosjekter har negativ netto nytte når kun prissatte effektar reknast med. Men ikkje-prissatte verknadar – som beredskap, arealeffektivitet, lavutslippstransport, støyreduksjon og byutvikling – har stor samfunnsverdi. Jernbanen er effektiv når vi skal forflytte store mengder folk og gods, og elektrifisert togtransport har lavare miljøkostnadar enn veg, særleg på lengre distansar. Den bidreg også til større arbeids- og boligmarknadar, noko tradisjonelle analyser ikkje fullt ut fanger opp.
Foto: Kristian B. Helgeland
Jernbanen kan ikkje bli vurdert ut frå dagens marknadsandeler aleine
Befolkninga i storbyområda veks, og behovet for høgfrekvente, arealeffektive og utsleppsfrie kollektivløysningar auker. I Oslo-regionen står tog for rundt 30 prosent av persontransporten inn og ut av byen. Utan jernbanen ville transportsystemet på Austlandet kollapse. Det blir difor meingslaust å eksplisitt snakke om at jernbanen kun utgjer 5 prosent av all transport i Noreg. Vi må sjå på rolla til jernbanen i dei områda og på dei strekningane kor toget speler ei heilt avgjerande rolle.
Gods på jernbane er særleg konkurransedyktig på lengre strekningar. Eitt godstog per dag kan erstatte rundt 10 000 trailere årleg. Det betyr mindre kø, mindre støy, lavare ulykkesrisiko og redusert veislitasje. Samla sett utgjer godstransporten på jernbanen ein mindre del av transportarbeidet som blir utført i Noreg, slik kronikkforfatteren skriv, men på enkelte transportrelasjonar er jernbanen heilt avgjerande. 80 prosent av all varetransport til Nord-Noreg nord for Bodø går med jernbane til Narvik. Frå Oslo til Trondheim går ca. 50 prosent av godset på jernbane. Også til og fra terminalane i Nordland har jernbanen høg marknadsandel. Ofotbanen, Dovrebanen og Nordlandsbanen er viktig og kritisk infrastruktur for Norge.
Jernbanedirektoratet sine analyser viser at det er eit betydelig potensial for å flytte godstransport frå veg til bane. Å bruke dagens marknadsandeler som argument mot framtidige investeringar er difor lite relevant – infrastruktur bygger vi for fleire tiår framover.
Kostnadsutfordringar må vi ta alvorlig
Heile jernbanesektoren tek krava til kostnadseffektivitet og -kontroll på det største alvor. Prosjekter som Moss og delar av InterCity har hatt store kostnadsaukingar. Dette er alvorlig, og tiltak er allereie iverksatt: betre kvalitetssikring i tidlege faser, meir realistiske planforutsetningar, tettare samarbeid med eksterne fagmiljø og klarare prioritering av prosjekt med høg kapasitetsgevinst. Forbetringsarbeidet fortset.
Noreg treng både vei og jernbane – men til ulike formål
Dette er ikkje eit anten–eller. Veg er avgjerande for næringstransport og mobilitet i distrikta. Jernbane er mest effektiv der mange skal same veg samtidig – særleg i og mellom byar. Det er fysisk umogleg for privatbilen å handtere den forventa veksten i dei største byane i Noreg. Fleire sentrale næringar er dessuten avhengige av påliteleg togtransport.
Det relevante spørsmålet er ikkje kva for transportform som «vinn», men korleis vi får best mogleg mobilitet med lavast samfunnskostnadar – økonomiske, miljømessige og arealmessige.
«Tida for tog er over» – eller viktigere enn nokon gang?
Sidan Bratteli-sitatet Storsletten viser til, har Noreg si befolkning auka med over én million, klima- og miljøutfordringane blitt tydeligare, og jernbaneteknologien langt meir effektiv. Samtidig har behovet for robust sivil og militær mobilitet auka markant.
I en tid som krev nullutslipp, høg mobilitet og lavt arealforbruk, er jernbanen si rolle styrka – ikkje svekket.
Den norske jernbanen er ikkje perfekt. Prosjekt må planleggast betre og vi må ha kontroll på kostnadane. Men debatten må bygge på eit heilheitleg bilete av samfunnsnytte og behov framover. Jernbanen er – og vil fortsatt vere – ein nødvendig del av eit moderne, effektivt og berekraftig transportsystem i Noreg.
Foto: Øystein Grue