Skal utarbeide plan for nasjonale verkstadbehov
Tilgang til verkstadar og utvikling av desse er nødvendig for å ha eit godt og sikkert togtilbod. Jernbanedirektoratet skal difor utarbeide ein plan over nasjonale verkstadbehov slik at vi sikrar at vi har nok kapasitet i sektoren.
Det er mange operatørar innan person- og godstrafikk som har behov for vedlikehald på verkstadar rundt om i landet. Hensikten med planen er å sikre at verkstadtenester blir etablert i tråd med nasjonale behov og dei transportpolitiske måla i Nasjonal transportplan (NTP). Planen skal beskrive verkstadkapasiteten for heile jernbanesektoren, og funksjonaliteten og kapasiteten til dei enkelte verkstadane.
– Verkstadar er like viktige som infrastruktur og køyretøy. Det er nødvendig med tilstrekkeleg kapasitet på verkstadane for å utvikle eit godt togtilbod. Planen skal difor også sjå på kva for behov vi har for verkstadar i lys av ønska utvikling i togtilbodet, seier Fabian Schüßler, seksjonsleiar i køyretøyseksjonen i Jernbanedirektoratet.

Nødvendig vedlikehald for både nye og eldre tog
Dei komande åra skal det kjøpast inn fleire nye tog, både lokal-, region- og fjerntog. Planen skal også sjå på verkstadbehov knytt til framtidige endringar i togparken, og verkstadane skal også betene godstog og «gule maskinar».
– Det er viktig at heile sektoren tar vare på desse nye toga slik at dei varer lengst mogleg. I tillegg skal også dei eldre toga ha nødvendig vedlikehald. Vi må derfor ha tilstrekkeleg verkstadar med nok kapasitet til å ta hand om dette vedlikehaldet, seier Fabian Schüßler.
Planen skal knytast opp til gjennomføringsplanen for realisering NTP 2025–2036, og den skal også vurdere omsyn til beredskap.
Jernbanedirektoratet har tett dialog med Bane NOR, Norske tog, person- og godstogoperatørane og diverse andre aktørar innan jernbanesektoren i arbeidet med planen. Planen skal leverast til Samferdselsdepartementet 15. september.
