Årsrapport 2025
Styrkt samarbeid og felles innsats gav resultat i 2025
Trass i framleis utfordringar viser 2025 ei betring i driftsstabiliteten på jernbanen. Arbeidet i jernbanesektoren gav konkrete resultat, og talet på reisande på jernbanen og kundetilfredsheita auka. Dette kjem fram i Jernbanedirektoratet sin årsrapport for 2025.
– Vi legg bak oss eit år der vi har styrkt samarbeidet og koordineringa i jernbanesektoren. For første gong på fleire år ser vi ei betring i driftsstabiliteten, seier jernbanedirektør Anne Iren Fagerbakke.
Gjennom felles råd for betre driftsstabilitet og betre kundeopplevingar ved avvik, samt opptrappingsplanen for vedlikehald og fornying, er det oppnådd konkrete resultat. I hovudstadsområdet førte færre tekniske feil til at talet på forseinkingstimar gjekk ned med om lag 13 prosent i 2025. Talet på reisande på jernbanen passerte 84 millionar i 2025, og den meir stabile drifta bidrog til noko auka kundetilfredsheit.
– Betre driftsstabilitet er avgjerande for eit godt togtilbod, og vi held fram dette gode arbeidet i sektoren i 2026, seier Fagerbakke.
Sjå fleire nøkkeltal frå årsrapporten 2025.
Framleis fleire utfordringar
Materiellsituasjonen var utfordrande i 2025. Ein aldrande togpark og avgrensa verkstadkapasitet førte til mykje køyring med enkeltsett. Dette gav trengsel på toga, særleg i Oslo-området.
– I 2025 leverte vi ein plan for eit nytt rutetilbod på Austlandet frå desember 2027. Dette blir den største tilbodsbetringa sidan 2012 og skal gi betre kapasitet og punktlegheit. For å få full effekt av forbetringa må vi få på plass nye lokal- og regiontog. Ein sentral del av planen er derfor å følge opp anskaffing, forvalting og vedlikehald av togmateriellet, fortel Fagerbakke.
Fleire naturhendingar som ras og flaum skapte store driftsutfordringar i 2025, særleg på Dovrebanen, Raumabanen, Nordlandsbanen og Meråkerbanen. Gods på bane blir ekstra hardt råka når strekningar vert stengde, og Jernbanedirektoratet har prioritert kompensasjonsordningar.
– Vi har inngått tilleggsavtalar med SJ Norge og bidrege til etableringa av ein ny verkstad i Bodø. Slik sikrar vi eit best mogleg togtilbod på Dovrebanen og Nordlandsbanen. Jernbanedirektoratet har òg auka merksemda på samfunnstryggleik og beredskap, og har delteke i fleire tversektorielle samarbeid, seier Anne Iren Fagerbakke.
Foto: Jeanett Haugstulen GrindenVidare samarbeid og koordinering
I 2025 la Jernbanedirektoratet grunnlaget for eit revidert styringssystem for jernbanesektoren, med eit felles rammeverk som tydeleggjer roller og ansvar i arbeidet med nye tilbodsbetringar.
– Dette er eit viktig grunnlag for vidare samarbeid mellom aktørane i sektoren, slik at vi kan levere eit godt togtilbod til dei reisande både i dag og i framtida. Jernbanen vil òg i åra framover vere ein viktig del av kollektivsystemet, og vi skal sørge for at togtilbodet speler godt saman med den øvrige kollektivtransporten, avsluttar Anne Iren Fagerbakke.