Fakta om saka
Viser ei ny utgreiing frå direktoratet at ERTMS kjem først i 2050?
Jernbanedirektoratet har greidd ut lønnsemda ved tidleg innføring av sanntidsbasert førarstøtte (C-DAS) før det nye felles europeiske signalsystemet (ERTMS) er innført. Utgreiinga tek utgangpunkt i ulike teoretiske scenario for innføring av ERTMS. Desse er ikkje basert på ein oppdatert framdriftsplan for ERTMS, og seier difor ikkje noko om framdrifta i prosjektet.
Jernbanedirektoratet leverte i 2023 ei konseptvalutgreiing (KVU) som identifiserte potensialet for betre utnytting av ERTMS gjennom automatisering av togframføringa (ATO).
I utgreiinga frå 2023 konkluderte direktoratet med at det var mest samfunnsøkonomisk lønnsemd å innføre ATO-teknologien trinnvis. Først med sanntidsbasert førarstøtte (C-DAS), og vente med innføringa av denne teknologien til ERTMS-utbygginga var komen lenger.
Den eksterne kvalitetssikringa (KS1) av utgreiinga peika på eit handlingsrom før ERTMS er bygd ut som burde undersøkast. Dei teknologiske føresetnadane har også endra seg, særleg knytt til foreseinka framdrift i ERTMS-programmet og tilgang til C-DAS-teknologi i nytt togmateriell.
Difor gjennomførte direktoratet, saman med Bane NOR, ei supplerande utgreiing som såg på lønnsemda ved å innføre C-DAS før ERTMS-prosjektet er ferdig.
Viser utgreiinga at ERTMS blir utsett til 2050?
Nei, utgreiinga seier ikkje noko om ein realistisk tidsplan for utbygginga av ERTMS. Den siste offisielle tidsplanen for utbygginga av ERTMS i Noreg er frå 2023. Prosjekta på Gjøvik-, Vestfold, Nordland- og Bergensbana er forseinka samanlikna med denne planen.
Bane NOR har laga reviderte planar for utbygginga som gjenspeilar dagens planar frå i dag til 2030, men desse planane omfattar ikkje perioden etter 2030.
For å kunne gi eit estimat av lønnsemd ved å innføre C-DAS før ERTMS er ferdig utbygd i Noreg, tok prosjektgruppa utgangspunkt i ulike tidscenario. Desse er teoretiske, og bygger ikkje på ein oppdatert tidsplan for den faktiske utbygginga. Formålet er å vise kva verknad tidleg eller sein utbygging har på lønnsemda til sanntidsbasert førarstøtte (C-DAS).
Når kjem ein oppdatert plan for ERTMS?
Bane NOR har ansvaret for framdrifta i ERTMS-prosjektet. Dei har i dag ein revidert plan for prosjektet som strekker seg til 2030. Jernbanedirektoratet har saman med Bane NOR fått i oppdrag å lage ein ny samla plan for ERTMS.
Denne skal leverast innan 15. mars 2027, og vil gi ei oppdatert oversikt over når dei nye systema er på plass på dei ulike togstrekningane.