Strategiske val for jernbanen fram mot 2060
I arbeidet med den komande Nasjonal transportplan 2029–2040 har Jernbanedirektoratet peika ut fire moglege vegval for jernbanen si rolle fram mot 2060.
I slutten av mai 2026 leverte vi saman med Statens vegvesen og dei andre transportverksemdene utgreiingsoppdraget til Nasjonal transportplan. I tilknyting til dette arbeidet peiker Jernbanedirektoratet på fire moglige strategiske val for jernbanen ut frå dei transportpolitiske målene som er satt.
Fire moglege vegval
– prioritere eit funksjonelt kollektivsystem
– prioritere viktige transportkorridorar
– fornying som førsteprioritet
1. Sikre kapasitet for persontrafikk der presset er størst – prioritere eit funksjonelt kollektivsystem
Hovedtyngden av befolkningsveksten vil i åra framover kome i og rundt dei største byane, særleg på Austlandet. Dette vil føre til auka press på transportsystemet. Persontrafikken i og rundt byane må løysast med arealeffektiv transport. Det er difor avgjerande med eit kapasitetssterkt og berekraftig kollektivsystem. Eit viktig strategisk val er om denne veksten skal møtast ved å auke kapasiteten i vegnettet eller i jernbanenettet/kollektivsystemet.
Styrke kollektivsystemet rundt dei største byane
Der jernbanen allereie fins i dag, er den avgjerande for oppnåinga av mål om ein enklare reisekvardag og nullvekstmålet, men også for å bidra til Noregs klima- og miljømål. Fram mot 2060 bør jernbanen si rolle som ryggrad i kollektivsystemet rundt dei største byområda bli styrka. Dette kan vi gjere ved å
- prioritere jernbane for dei største pendlarstrømmane
- sikre effektiv arealbruk rundt kollektivknutepunkta
- gjennomføre tiltak som gjer kollektivtilbodet meir attraktivt enn personbilen på dei mest trafikkerte relasjonane.
Austlandet er i særstilling med hensyn på befolkningsvekst, spesielt inn og ut av Oslo i rushtid, men også mellom bu- og arbeidsmarknadsregionane.
Det er allereie store tilbodsforbetringar i gang på jernbanen. Dette vil gi ein betydeleg kapasitetsauke på Austlandet dei næraste åra:
- Utbygging i det såkalte indre InterCity-området vil gi moglegheit for hyppigare regiontogavgangar med doble togsett.
- Nye lokaltog vil gi meir plass om bord.
- Ei innlemming av tilbringertenesten til Oslo lufthavn blir ein del av det ordinære togtilbodet.
Prisverkemidel på veg og banetransport kan bidra til betre fordeling av reisestraumar gjennom døgnet og mellom transportformer, og også til å unngå transport i dei periodene med størst trengsel.
Dersom kollektivsystemet skal kunne tilby god kapasitet i framtida, er det imidlertid nødvendig med nye investeringar for å løyse flaskehalsar rundt og gjennom Oslo. Dersom jernbanen skal ta ein aukande andel av transportarbeidet, og nullvekstmålet skal bli nådd også i framtida, må kapasiteten for jernbanen gjennom Oslo blir styrka. Jernbanedirektoratet si kollektivstudie for Austlandet bekrefter dette.
2. Styrke forsyningssikkerheit og militær mobilitet – prioritere viktige transportkorridorar
Den sikkerhetspolitiske situasjonen påverkar prioriteringar knytt til kor transportsystemet bør styrkast. Sivil godstransport på bane er sentral for ein stor andel kritiske forsyningar til dei store byane i sør og til Nord-Noreg via Bodø og Narvik. Kapasiteten må difor oppretthaldast i krise og krig, samtidig som det blir lagt til rette for militær transport.
I tillegg kjem behovet for grensekryssande transport av militært materiell og personell vest–øst, som er aktualisert med Sverige og Finland sitt medlemskap i NATO. Forsvaret er tydelege på at tunge, militære transportar på over 200 kilometer må gå på jernbane. Her kan ikkje vegtransport løyse behovet.
Jernbanen speler dermed ei sentral rolle for å nå det nye målet om ein motstandsdyktig transportsektor. Samtidig bidrar den til målet om auka konkurranseevne for næringslivet. Jernbanen si evne til å transportere gods miljøvenleg og areal- og energieffektivt, med lav ulykkesfrekvens, på lange strekninger, bør difor oppretthaldast og styrkast.
Jernbanedirektoratet sin godstrategi peikar på at flaskehalser i godskorridorane bør bli fjerna og kapasiteten auke. Dette kan til dømes gjerast med fleire kryssingsspor og tilrettelegging for lengre og tyngre tog. Også terminalane må effektiviserast, og kapasiteten tilpassast framtidig transportetterspørsel.
3. Sikre at transportsystemet er påliteleg – fornying som førsteprioritet
Det er viktig å fortsatt prioritere å ta vare på eksisterande infrastruktur og materiell gjennom fornying og vedlikehald. Dette gir forutsigbarheit og tillit til tilbodet for dagens passasjerar, og rollen jernbanen speler i transportsystemet i dag blir oppretthalde.
Forutsigbar gjennomføring av planar for fornying og vedlikehald er kostnadsbesparande og effektivt. Det gir óg ein moglegheit til å ligge i forkant av stoppa feil og akutte hendingar. Det bidrar til målet om meir for pengane: Forebyggande vedlikehald er billigare enn korrektivt, og godt planlagt fornying gir mindre behov for lange stengingar og alternativ transport ved at færre uforutsette hendingar oppstår. Ein godt vedlikehalde og trafikksikker jernbane bidrar også til redundans, forsyningssikkerheit og beredskap i transportsystemet som helheit.
4. Utvikle transportsystemet i retning av lavutsleppssamfunnet
Staten vegevesen si vurdering av klima- og miljøtiltak i transportsektoren dreiar seg i stor grad om forbetring av transportformene, ved at eksisterande kjøretøyteknologi blir erstatta av ny nullutsleppsteknologi. Ein økt elektrifiseringsgrad vil bidra til å legge press på fornybar kraftproduksjon. Det blir difor viktig å flytte transport til mest mogleg energieffektive og berekraftige løysingar. Det gjeld også når person- og lastebilen blir elektrisk.
Jernbanen er ei energieffektiv og kapasitetssterk transportform der voluma tilseier det. Jernbanetransport har i tillegg minimalt med mikroplastutslepp, og bør difor utnyttast maksimalt der den fins og bli prioritert der den gir eit effektivt bidrag til å nå målet om lavutslepp, til dømes godstransport Oslo–Trondheim–Bodø.