Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Gods Framleis vekst i godstrafikken på bane, Nordlandsbanen auka mest i 2022

Framleis vekst i godstrafikken på bane, Nordlandsbanen auka mest i 2022

Etter fleire år med sterk vekst i godstrafikken på bane, framleis det med vekst òg i 2022. Mest auka trafikken på Nordlandsbanen, men også Dovrebanen og Østfoldbanen hadde ein betydeleg trafikkauke, viser tal frå Bane NOR.

Njål Svingheim

Trafikken på Nordlandsbanen auka med åtte prosent i 2022, medan Dovrebanen og Østfoldbanen auka med høvesvis sju og fem prosent. På dei andre langdistansestrekningane, Sørlandsbanen og Bergensbanen sokk trafikken med høvesvis ein og fem prosent.  Samla sett auka godstrafikken på bane med to prosent her i landet i 2022. – Vi får tydelege signal frå transportnæringa om at auka bruk av jernbane er sterkt ønskjeleg. Hovudgrunnen kan relaterast til miljø og klima, spart energi og sjåførmangel, fortel Oskar Stenstrøm, godsdirektør i Bane NOR.

Nordlandsbanen har gjennom dei siste åra hatt ein kraftig vekst i godstrafikken. Her er eit godstog undervegs mellom Bodø og Fauske.

Tok over ruter

I haust varsla Green Cargo at dei skulle trekka seg ut av den norske godstogmarknaden og avvikla togrutene sine. Selskapet har køyrt sju daglege turar med kombitog mellom Oslo og høvesvis Trondheim, Bergen og Stavanger. Det skapte bekymring for at gods tilsvarande 100.000 vogntog årleg skulle hamna på glatte, norske vintervegar. Bane NOR omfordelte Green Cargo rutene sine, OnRail overtok fem av dei sju rutene, CargoNet overtok to siste.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.