Skal vurdere korleis Kongsvingerbanen kan utviklast

Jernbanedirektoratet skal vurdere korleis Kongsvingerbanen kan bli betre. Samferdselsdepartementet har nå bede direktoratet om å lage ei konseptvalutgreiing (KVU) for strekninga som tar føre seg både fjerntog, lokaltog og godstrafikk.

  Lokaltog ved Rånåsfoss på Kongsvingerbanen (Foto: Njål Svingheim)

Kongsvingerbanen er i dag erklært overbelasta på strekninga Lillestrøm - Kongsvinger, -det tyder at det ikkje er plass til å køyre fleire tog på denne strekninga. Kongsvingerbanen har i dag lokaltog i fast timesfrekvens til og frå Kongsvinger, ekstra rushtidstog morgon og ettermiddag, fjerntog til og frå Stockholm/Sverige, samt ein betydeleg godstrafikk over grensa til Sverige.

- Banens mangfoldige suksess gjer at kapasiteten er i ferd med å bli sprengd, seier samferdselsminister Ketil Solvik - Olsen. - Derfor ber vi nå Jernbanedirektoratet sjå på korleis Kongsvingerbanen kan utviklast for å løyse framtidas transportbehov enda betre, seier han.

Kongsvingerbanen har hatt eun betydeleg vekst de siste årene, og prognosane tilseier at det vil vere vekst også i åra framover. Med dagens kapasitet på banen er det ikkje fysisk rom for ytterlegare betring av togtilbodet, sjølv om det er marknadsmessig etterspurdnad etter fleire avgangar.

- I ei konseptvalgutgreiing om Kongsvingerbanen vil det vere viktig at heile systemet vert vurdert i samanheng, og at utgreiinga omfattar både lokal-, gods- og fjerntogtrafikk, skriv Samferdselsdepartementet i sitt oppdragsbrev. Konseptvalutgreiinga er eit viktig verktøy for å vurdere om og når det er naudsynt med eventuelle infrastrukturtiltak på Kongsvingerbanen, eller om det kan vere andre alternativ som kan tilfredsstille samfunnet sine behov.

Ein arbeids- og framdriftsplan for utgreiinga av mogelege forbetringar på Kongsvingerbanen skal liggje føre innan 15.oktober.

Les også: Fakta om Kongsvingerbanen