Jernbanedirektoratet Nyheter Tilrår å greie ut alternativ for nullutslepp

Tilrår å greie ut alternativ for nullutslepp

Stadig fleire land i Europa legg fram offensive planar for korleis jernbanen skal bli utsleppsfri. Sentralt står nye togtypar og teknologisk utvikling. Jernbanedirektoratet har no laga ein rapport om moglegheitene for batteridrift i Noreg og tilrår at det blir sett i gang ei konseptvalutgreiing (KVU) for nullutsleppsløysingar.

Tog type 76 på TrønderbanenFoto: Njål Svingheim
No vert det sett inn det bimodale tog av type 76 inn på Trønderbanen. Togsetta av type 76 går på både straum og diesel. Dieselmotoren kan seinare skiftast ut med batteriar.

– Behovet for eit teknologiskifte på den ikkje elektrifiserte delen av jernbanen blir stadig meir tydeleg. I Noreg er framleis om lag halvparten av jernbanenettet dieseldrevet, seier
Dag Aarsland og Atle Einarson i gruppa som har laga den nye rapporten.

– Utviklingstrenden er eintydig. Det tyder at batteridrift og del-elektrifisering er eit gjennomførtbart nullutsleppskonsept for dei ikkje-elektrifiserte banane. Dersom det no kjem ei bestilling av ein KVU for 0-utslepp på jernbane, vil vi ta for oss både batteridrift og andre nullutsleppssløysinger frå botnen av i lys av den stadige teknologiutviklinga. Men kunnskapsgrunnlaget vi no har vil sjølvsagt inngå i ei slik utgreiing, seier Einarson.

Prosjektgruppe med rapportFoto: Øystein Grue
Ny rapport med tilråding om å gå vidare i arbeidet for utsleppsfri jernbane. Frå venstre: Dag Aarsland (prosjektleiar), Atle Einarsson, Geir Vadseth (alle Jernbanedirektoratet) og Øyvind Gebhardt, Bane NOR.

Teknologien finst

– Gjennom arbeidet med rapporten for å vurdere mogelegheitene med batteridrift har det vorte tydeleg for oss at dersom vi i Noreg skulle bestemme oss for ei nullutsleppsløysing på dieseltrekningane, så vil det bere meir preg av å rulle eit system enn av ny-utvikling, seier Aarsland og Einarson.

Dei har saman med Bane NOR gått grundig gjennom både trafikkmønster, topografi og mogleg energiforsyning på alle desse banane.

– Det at teknologien utviklar seg vidare vil gjere del-elektrifisering endå meir robust og endå rimelegare å bygge ut i høve til full elektrifisering. Det er store skilnader i både lengde, trafikkmønster og topografi på dieselbanane våre, men teknologien kan tilpassast kvar bane, fortel dei to.

Les mer om utredningen

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.