Rapport om verknadane av eit nasjonalt reisekort
Jernbanedirektoratet har vurdert verknadane og kostnadane ved å innføre eit nasjonalt reisekort for kollektivtransport til 499 kroner i månaden, på oppdrag frå Samferdselsdepartementet.
Rapporten vart levert til departementet 4. mai og skal no på ein innspelsrunde til fylkeskommunane og togoperatørane. Jernbanedirektoratet gjennomførte utgreiinga i samarbeid med Statens vegvesen, der tre variantar av ein nasjonal periodebillett er vurdert opp mot dagens ordning (referansealternativet).
Avgrensa effekt på bilbruken
Rapporten frå Jernbanedirektoratet viser at ein nasjonal periodebillett gir høg måloppnåing for brukervennlegheit for dei reisende, medan det har avgrensa effekt på målet om å flytte meir transport frå bil til kollektiv. I tillegg vil ein nasjonal periodebillett til dei utgreia prisane innebere betydelege samfunnsøkonomiske kostnadar, høg økonomisk risiko og ei meir kompleks styring, finansiering og gjennomføring.
Utgreiinga viser at dagens rammer for ansvarsdeling, takstmyndigheit og billettstruktur best ivaretek hovudmåla om kontrollert transportutvikling, økonomisk bærekraft og risiko som er handterbar.