Jernbanedirektoratet Nyheter Skal vurdere bestilling av nye tog til Rørosbanen

Skal vurdere bestilling av nye tog til Rørosbanen

Jernbanedirektoratet har i supplerande tildelingsbrev frå Samferdselsdepartementet fått i oppdrag å vurdere bestilling av nye tog til Rørosbanen og eventuelle tilhøyrande behov for infrastrukturinvesteringar.

Bakgrunnen er vedtak i Stortinget 21. november der regjeringa blir bedt om «så raskt som mogleg skal fremme forslag om å gi Norske tog handlingsrom til å kunne bestille nye fjerntog til Rørosbanen». Vurderingane frå Jernbandedirektoratet vil vere grunnlag for departementet si vidare oppfølging av dette vedtaket.

Jernbanedirektoratet skal vurdere korleis utløysing av opsjonane i kontraktane med Alstom og Stadler kan brukast til å skaffe nye tog til Rørosbanen. Pågåande prosessar vil kunne ha stor betydning for kva for løysingar som er aktuelle, kva for framdrift som er mogleg, og kan i tillegg ha konsekvensar for togtilbodet for Rørosbanen og for andre banestrekningar.

I tillegg skal Jernbanedirektoratet vurdere om val av ulike togtypar til Rørosbanen medfører behov for investeringar i jernbaneinfrastrukturen.

Les meir om oppdraget

Fakta

Jernbanedirektoratet har i oppgåve å koordinere og følge opp anskaffing, forvaltning og vedlikehald av togmateriell. Vi har inngått ein samhandlingsavtale med Norske tog, som eig og forvaltar togmateriellet som er leigd ut til togselskapa. Avtalen skal sikre at togselskapa til ein kvar tid har tilgang til eigna køyretøy.

Røros stasjon

Rørosbanen

Rørosbanen er 382 kilometer lang og går fra Hamar gjennom Østerdalen og over Røros til Støren. Banen er knyttet sammen med Dovrebanen på Hamar og Støren og med Solørbanen på Elverum.

Hamar stasjon på RørosbanenFoto: Øystein Grue
Linje R60 kjører på Rørosbanen, her ved Hamar stasjon.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.