Jernbanedirektoratet Utredninger KVU nytt fjerntogmateriell

KVU nytt fjerntogmateriell

KVU nytt fjerntogmateriell

Jernbanedirektoratet tilrår at det blir skaffa nye tog til fjerntrafikken mellom landsdelane. I løpet av fem år bør halvparten av dagens tog erstattast av nye tog og i løpet av ti år bør alt fjerntogmateriell vere skifta ut.

Om rapporten

  • Rapporten er laga i samarbeid med Norske tog som eig togmateriellet, og med Bane NOR for å sikra at alle behov vert sett i samanheng.
  • I tillegg er togselskapa, togbrukarar, interesseorganisasjonar og fagforeiningane trekt med i arbeidet.
  • Rapporten vart levert august 2020.

For å sikra ein stabil togpark som skal handtera etterspurdnaden etter fjerntogreiser mellom landsdelane er det naudsynt å gå til innkjøp av nye tog. Jernbanedirektoratet har no ferdigstilt ei konseptvalutgreiing (KVU) for nytt fjerntogmateriell.

Rapporten konkluderer med at det no er naudsynt å gå til innkjøp av nye tog og at dagens fjerntogmateriell bør erstattast av ein einskapleg togtype. Det blir òg tilrådd at det blir skaffa materiell i eit volum som gjer det mogeleg med fleire avgangar. Slik kan  den nye fjerntogparken møta ein auka etterspurdnad etter lange togreiser i perioden fram mot 2035.

Bakgrunnen er at store delar av dagens fjerntogmateriell har avgrensa restlevetid og bør erstattast i løpet av fem år. Dette gjeld halvparten av dagens vogner, og alle sovevognene. Resten av fjerntogparken består av materiell av ulike typar, der alle har det til felles at dei vil nå den forventa levetida si i løpet av ein tiårsperiod.

Rapporten om nye fjerntog er laga etter metodikken som blir brukt i konseptvalutgreiingar (KVU-metodikk) og bygger delvis på eksisterande rapportar, der særleg fjerntogstrategien og vurdering av mulige nattogkonsept har vært sentrale.

Last ned rapport

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.