Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Gods Betydeleg vekst på Sørlandsbanen
,

Betydeleg vekst på Sørlandsbanen

Sørlandsbanen har figurert hyppig i media det siste året. Ofte har banen blitt omtalt med negativt fortegn. Vi har tatt pulsen på godstrafikken mellom Oslo og Stavanger. Den viser ein betydeleg vekst og stor etterspørsel. Til no i år ligg veksten på 17 prosent samanlikna med fjoråret. 80 prosent av godstoga kjem fram i rute.

– Dette synest vi er skikkeleg moro, seier ein entusiastisk Ole Bernhardt Dahlum i CargoNet. Han er produktsjef for kombinerte transportar, det betyr det aller meste av godstrafikken på hovedstrekningane mellom landsdelane. – På Sørlandsbanen har vi gått frå ei kjensle av stagnasjon og at konkurransen frå vegtrafikken ville ta over meir og meir av godstrafikken på bane. Dette er ei utvikling vi nå har klart å snu, fortel Dahlum.

Ole Bernhardt Dahlum er produktsjef for kombinerte transporter i CargoNet. Njål Svingheim
Ole Bernhardt Dahlum er produktsjef for kombinerte transportar i CargoNet.

Hard konkurranse

CargoNet har jobba tett opp mot dei store kundane for å tilpasse seg så langt som mogleg til deira transportbehov. Det har ført til justeringar i avgangstidene og fleire tog. No køyrer vi like mange avgangar på alle kvardagane. Vi ser gjennom etterspørsel og kundedialog at vi treffer marknaden godt med dette, seier Dahlum. CargoNet køyrer no tre togpar på alle kvardagar, mens OnRail køyrer eitt. Dette gir ein marknadsdel for gods på bane mellom Oslo og Stavanger-regionen på drøye 40 prosent. – Vi har sjølvsagt merka hard konkurranse fra vegtrafikken med ein stadig betre vegstandard. Derfor er vi godt nøgde med at vi har klart å snu utviklinga, seier produktsjefen.

Sørlandsbanen blir statdig betre og meir robust som her i Drangsdalen der eit stor arbeid med rassikring nyleg vart ferdig. Njål Svingheim
Sørlandsbanen blir stadig betre og meir robust som her i Drangsdalen der eit stor arbeid med rassikring nyleg vart ferdig.

Betre bane

Det er ikkje berre CargoNet sin eigen innsats som har vore viktig for godstrafikken. – Bane NOR skal ha ein betydeleg del av æra for at dette no fungerer godt, understrekar Ole Bernhardt Dahlum. Oppetida på Sørlandsbanen har vist ei veldig fin utvikling. Vi har fått betre straumforsyningsanlegg på vestre strekning, altså vest for Kristiansand, og dette er også snart fullført på den austre. I tillegg ser vi at sjølve banen blir stadig meir robust gjennom systematisk fornying. Dette er noko vi er heilt avhengige av for at godskundane skal kunne stole på oss. Ønskelista inneheld framleis både fleire kryssingsspor og betre ruteleie for godstoga.

To av CargoNet sine togpar blir næ køyrd med 620 meters lengde og tog lok kvar dag. Njål Svingheim
To av CargoNet sine togpar blir nå køyrd med 620 meters lengde og to lok kvar dag.

Tilpassingar og lengre tog

CargoNet køyrer no to av dei tre togpara sine mellom Alnabru og Ganddal med doble lokomotiv. Det har auka kapasiteten frå 48 til 66 TEU per tog. TEU er eit standard mål på ein 20-fots container i kombitrafikken. Toglengda er auka til 620 meter for disse avgangane, og fyllingsgraden er høg. På ettermiddagen er avgangstidene noko justerte for betre å passe til behova til kundane. Dette har samtidig gitt raskare køyretider og dermed betre konkurransekraft i marknaden. Køyretidene er faktisk reduserte med mellom 40 minutt og ein heil time for disse toga. Rutetidene er justerte i tett samarbeid med Bane NOR, og for første gong har mindre justeringar av persontogruter gjort det mogleg med betydeleg raskare godstogruter. – Her vil eg rose både Bane NOR og persontogselskapa for at vi har fått til disse forbetringane, seier Dahlum.

Tog 5804 er eit av toga som blir kaøyrd med 620 meters lengde alle kvardagar frå Ganddal. Njål Svingheim
Tog 5804 er eit av toga som blir køyrd med 620 meters lengde alle kvardagar frå Ganddal.

Også Kristiansand

Trafikken til og frå godsterminalen på Ganddal i Sandnes kan altså vise til ein betydeleg vekst. Enda meir overraskande er det nok at det også til og frå Kristiansand er ein auke på bane. – Det er mange som synest det er rart at vi også aukar til og frå Kristiansand, smiler Dahlum. Mellom Oslo og Kristiansand er det eigentleg ikkje langt nok til at kombitrafikk på bane reknast som konkurransedyktig. Men likevel merkar vi at etterspørselen også der er aukande. No stoppar vi innom Langemyr godsterminal med to av dei tre avgangane våre i begge retningar på Sørlandsbanen. Vi både lastar og lossar i begge retningar. Det betyr at vi også har ein del trafikk på den enda kortare strekninga mellom Kristiansand og Ganddal. På denne måten utnyttar vi både trekkraft og vogner i toga på ein god måte, seier Dahlum.

Sørger for sikker og effektiv drift på Ganddal godsterminal, frå venstre: Thomas Schultz, Erlend Norheim, Daniel Andersson, Even Almenning og terminalsjef Henning Haaland Njål Svingheim
Sørger for sikker og effektiv drift på Ganddal godsterminal, frå venstre: Thomas Schultz, Erlend Norheim, Daniel Andersson, Even Almenning og terminalsjef Henning Håland.

Høg samfunnsnytte

– Vi som jobbar med gods på bane til dagleg føler at vi bidrar til å gjere ein viktig jobb, seier terminalsjef Henning Håland på Ganddal godsterminal. Vi har eit hjarte for både gods på bane og for Sørlandsbanen. Det er derfor litt trist at persontrafikken ikkje har gått som den burde den siste tida, men desto viktigare blir det da å framheve kor viktig Sørlandsbanen er for godstrafikken. I klimarekneskapen er nok godstoga viktigare enn persontoga. Og også når det gjeld trafikksikkerheit og andre belastingar frå vegtrafikken, føler vi at vi bidrar i positiv retning, seier Håland.

Når det gjeld sikkerheit, så er det ikkje berre å få færre vogntog på vegane han er opptatt av. – Eg er veldig opptatt av at vi tenker sikkerheit i alt vi gjer her på terminalen, og at vi er heilt sikre på at toga er riktig lasta før vi sender dei av garde, seier han. – Sikkerheit og kvalitet gir oss også eit konkurransefortrinn.

Lokfører Jostein Rott i tog 5804. Njål Svingheim
Lokførar Jostein Rott i tog 5804.

Lokførar Jostein Rott skal køyre tog 5804 austover denne dagen. – Vi har som regel 11–1200 tonn på kroken når vi køyrer austover, og opptil 1500 tonn vestover, fortel han. – Det er veldig motiverande for oss når vi nå opplever auka interesse frå marknaden, og at vi faktisk kan levere det vi lovar. Vi har no ei punktlegheit i godstrafikken her på Sørlandsbanen med vel 80 prosent av toga innanfor ein margin på seks minutt, seier Rott. Før avgang skal det gjennomførast sikkerheitskontrollar og bremseprøve i samarbeid med folka til terminalen. Så ber det austover med det 620 meter lange toget, trekt av dei to lokomotiva av type BR187.

Funksjonell terminal

Ganddal godsterminal er ein moderne terminal. Den blei opna i 2008 og har ei funksjonell utforming. – Det einaste vi skulle ønske oss er nokre fleire hensettingsspor, men vi lever godt med det vi har og får til ein god flyt på terminalen, seier Håland. Også samarbeidet med den andre aktøren, OnRail, fungerer godt. Sjølv om vi er konkurrentar, så har vi eit samarbeid på område der vi begge er tente med det. Det hender også at vi kan hjelpe kvarandre med gods som ikkje får plass.

Dei største kundane på Sørlandsbanen er samlastarane Posten Bring, PostNord og DSV, mens det i vareforssyninga er Asko, Rema Distribusjon, Nor-log og Bama Logistikk som er dei største. – Vi har også periodar med mykje anna transport, fortel Henning Håland. Vi har stadig større transportoppdrag der det blir sendt betongelement for byggeindustrien og mykje tank-containerar for industrien.

CargoNet har både auka lengda på toga og sett inn eit ekstra tog på fredagar og søndagar. Dermed køyrer det like mange tog frå alle kvardagar for å tilpasse seg til etterspørselen. No er det optimalisering, best mogleg stabilitet i tilbodet og høgast mogleg fyllingsgrad i toga som er i fokus, seier Ole Bernhardt Dahlum.

Opplastinga av neste tog fra Ganddal godsterminal er allereie i gang Njål Svingheim
Opplastinga av neste tog frå Ganddal godsterminal er allereie i gang.

Sørlandsbanen viktig i godsstrategien

– Sørlandsbanen blir vurdert som ein av dei viktige strekningane for kombigods i godsstrategien, seier Helge Drösemeyer i Jernbanedirektoratet. – Til tross for god vegstandard klarer jernbanen å konkurrere med lastebil, grunna lang transportdistanse. Vi ventar ein betydeleg vekst i godsmengdene på Sørlandsbanen fram mot 2050. Det gir behov for auka kapasitet og meir effektiv togframføring. For å klare seg i konkurransen i transportmarknaden framover må jernbanen bli meir påliteleg, fleksibel og kostnadseffektiv, seier Drösemeyer. Godsstrategien legg vekt på tiltak som lengre tog, auka punktlegheit, redusert framføringstid og fleire kryssingsmoglegheiter. Slik kan gods på bane bli enda viktigare for samfunnet framover.

Fakta om gods på Sørlandsbanen

  • Terminalar: Alnabru i Oslo, Langemyr i Kristiansand og Ganddal i Sandnes.
  • Punktlegheit i godstrafikken nå: 80 prosent innanfor ein margin på seks minutt.
  • Tog: Fire tog kvar retning på kvardagar. CargoNet har tre tog kvar veg, og OnRail køyrer eitt.
  • Toglengd: Opptil 620 meter, togvekt opptil 1500 tonn.
  • Godstype: Kombigods i containerar og semihengarar.
  • Industritog: Heltog for industrien Borregaard–Kristiansand, og Vatnstraum–Kristiansand, tømmertog frå Bø/Lunde.

Les også

Sjølv om det er utfordringar i fjerntrafikken, blir sjølve Sørlandsbanen stadig betre gjennom stor innsats i vedlikehald og fornying av strekninga.
Infrastruktur

Store forbetringar på Sørlandsbanen

På Sørlandsbanen har det vore store utfordringar med togmateriellet i fjerntrafikken dei siste månadene. Det vert jobba intenst med å betre situasjonen. Samtidig er det utført ei lang rekkje tiltak for å gjere sjølve banen betre.