Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Persontrafikk NTP: Ein stabil og påliteleg jernbane er viktigast
,

NTP: Ein stabil og påliteleg jernbane er viktigast

Jernbanedirektoratet og Bane NOR vil prioritere tiltak som gir eit meir påliteleg togtilbod og styrkjer bidraget jernbanen har til Noregs klima- og miljømål i kommande Nasjonale transportplan som skal gjelda for 2025 – 2036. For å få til dette må vedlikehald og fornying av eksisterande banar givast prioritet, meiner fagfolka i Bane NOR og Jernbanedirektoratet.

Njål Svingheim

– I tillegg til å understreka behovet for tiltak som gir eit meir påliteleg togtilbod er me tydelege på at togtilbodet i og ved dei store byane saman godstrafikken er det viktigaste bidraget til jernbanen for at Noreg skal no sina klima-mål, seier Benedicte Bruun-Lie. Ho leier arbeidet med Nasjonal transportplan (NTP) i Jernbanedirektoratet.

Nasjonal transportplan, NTP

  • Overordna mål for NTP er å at Noreg skal ha eit effektivt, miljøvennleg og trygt transportsystem i 2050
  • NTP er ein samla plan for utviklinga av transportsystemet i Noreg og omhandlar alle transportformer
  • NTP blir laga av Samferdselsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet på bakgrunn av faglege tilrådingar frå transportverksemdene
  • NTP blir rullerte normalt kvart fjerde år og er delt i to seksårsperiodar der den første perioden er mest vektlagd
  • NTP blir lagd fram som ein Stortingsmelding for Stortinget
  • Transportvirksomhetenes tilrådingar kallast prioriteringsoppdraget og er ute på høyring til 3.juli 2023

Direktoratet jobbar saman med Bane NOR med NTP-arbeidet til jernbanen. Målet er heile tida å skaffa beste faglege råd til Samferdselsdepartementet innanfor dei rammene som politikarane trekkjer opp. For arbeidet med neste NTP er ramma det skal planleggjast innanfor gitt med utgangspunkt i blir dagna løyvingsnivå til jernbanen samla sett. Det skal òg givast tilrådingar innanfor ein 10% auke i rammene, og tilsvarande innanfor ein 10% reduksjon i rammene. -Direktoratet jobbar saman med Bane NOR med NTP-arbeidet til jernbanen. Målet er heile tida å skaffe beste faglege råd til Samferdselsdepartementet innanfor dei rammene som politikarane trekkjer opp. For arbeidet med neste NTP er ramma det skal planleggjast innanfor gitt med utgangspunkt i blir dagna løyvingsnivå til jernbanen samla sett. Det skal òg givast tilrådingar innanfor ein 10% auke i rammene, og tilsvarande innanfor ein 10% reduksjon i rammene. – Vi som jobbar saman om dette har med oss ei rekkje fagfolk og fagmiljø i heile jernbanesystemet i arbeidet vårt, både i Bane NOR, direktoratet og i resten av sektoren, forklarer Bruun- Lie. På bakgrunn av alt dette har dermed Bane NOR og Jernbanedirektoratet komme fram til dei felles tilrådingane sine.

Utnytte fortrinnet til jernbanen

– Jernbanen har det store fortrinnet sitt ved at toget kan frakta mange menneske og store volum gods på ein klima-, miljø-, energi- og arealeffektiv måte, seier Benedicte Bruun-Lie Vi veit at dei store utfordringane framover er klimautslepp, energiknappleik og strammarar økonomiske rammer. Jernbanedirektoratet og Bane NOR har derfor lagt stor vekt på tiltak som tek vare på eksisterande infrastruktur, og som styrkar jernbanen der han har størst betydning for å nå klima- og miljømåla, seier ho. Då har me enda opp med ei krystallklar tilråding til politikarane: – Gjer jernbanen meir påliteleg, sats på godstrafikken og på persontrafikken i og ved dei store byane!

Trafikken i og ved dei store byane som er her på Vestfoldbanen, er peika ut som viktigast i persontrafikken….

Dette tyder ikkje at fjerntrafikken skal forsvinna, det er til dømes nyleg bestilt heilt nye fjerntog. På fjernstrekningane blir det tilrådde ei rekkje nye kryssingsspor av omsyn til godstrafikken, noko som sjølvsagt og persontrafikken vil ha stor nytte av.

Tilbodsbetringar

Nye tilbodsforbetringar vil først og fremst komma der dei gir best nytte for samfunnet og der jernbanen kan bidra mest for å redusera utsleppa av klimagassar, seier Benedicte Bruun-Lie. Det betyr persontrafikk inn og ut av byane og godstrafikk på dei lange strekningane, forklarer ho. – For å styrkje jernbanen er det òg heilt nødvendig å auke innsatsen innanfor vedlikehald og fornying av infrastrukturen, seier Anne-Siri Haugen i Bane NOR. Jernbanesystemet har for mange driftsproblem, og passasjerar og gods blir for ofte forseinka. Derfor er både direktoratet og Bane NOR så tydelege på at vedlikehaldet og innsatsen for ein meir robust jernbane no er det aller viktigaste, seier ho. – For å fornya tilliten til jernbanen må punktligheten forbetrast. I tilrådinga vår til departementet foreslår me derfor ei vesentleg styrking av vedlikehald på jernbanen. Samtidig meiner vi det er viktig å fullføre prosjekt som vi er i gang med. Samla meiner vi dette vil gi eit betre togtilbod for dei reisande i neste NTP-periode, seier fungerande konsernsjef i Bane NOR, Henning Bråtebæk.

Prioriteringar av tiltak

På bakgrunn av dette har arbeidsgruppa gitt tilrådingane og rådet sine til Samferdsdepartementet. På kort sikt er dette å prioritera: Tiltak for å kunna køyra fleire tog i Oslo-området Tiltak for fleire tog på Vossebanen (Bergen – Voss) Tiltak for betre nettdekning på jernbanen Tiltak for å auka kapasiteten for kombigods på strekningane frå Oslo – Narvik, – Bergen og Trondheim

….medan godstrafikken på dei lange strekningane er peika som viktig for å redusere utsleppa frå transportsektoren. Her er eit av OnRails godstog Oslo – Bergen på Roa – Hønefossbanen.

Sjølv om Jernbanedirektoratet og Bane NOR har samanfallande vurderingar på det aller meste, er det ein forskjell i prioriteringsrekkjefølgja for to tiltak. Jernbanedirektoratet meiner at det bør prioriterast tiltak for to tog i timen på Trønderbanen i første del av planperioden, medan Bane NOR meiner at dobbeltsporutbygginga til Hamar bør inkludera tiltak på Hamar stasjon i første del av perioden, det vil seia i 2025 – 2030.

Vil fullføre pågåande satsingar

Jernbanen har dei siste åra sett i gang ei rekkje større og mindre utbyggingar som gir store forbetringar i togtilbodet over heile landet: Dobbeltspor gjennom Ulriken på Bergensbanen gir kvartersruter Bergen – Arna i 2024 Elektrifisering Trondheim – Stjørdal og av Meråkerbanen gir reduserte utslepp frå 2024 Dobbeltspor på Vestfoldbanen heilt til Tønsberg gir moglegheit for fire tog i timen Oslo – Tønsberg frå 2025 Nye lokaltog med meir plass kjem mellom Oslo og Lillestrøm og Asker i 2025 Nytt dobbeltspor på Dovrebanen gir to tog i timen Oslo – Hamar med tre tog i rush i 2027

Nye tog aukar kapasiteten

– Den største avgrensinga for utvikling og vekst i togtilbodet, er at kapasiteten på infrastrukturen på fleire strekningar er fullt utnytta. Det er ikkje plass til fleire tog, seier jernbanedirektør Knut Sletta. – Vi har derfor foreslått å auke kapasiteten gjennom å kjøpe nye tog som har plass til fleire passasjerar. Rådet vårt er å erstatte ein firedel av dagens togmateriell dei neste fem åra, og å erstatte endå ein ny firedel frå 2030. Med nye tog kan vi dermed auke kapasiteten på lokaltoga rundt byane med opptil 40 prosent, seier Sletta. Dei faglege råda frå transportverksemdene til Samferdselsdepartementet er ute på ein høyringsrunde fram til 3.juli. Jernbanedirektoratet skal levere eit oppdatert forslag til prioritering 3.oktober, basert på oppdaterte kostnadsoverslag og samfunnsøkoniske analysar. Stortingsmeldinga om NTP for perioden 2025 – 2036 blir lagd fram våren 2024.

Les meir

Jernbanedirektoratet sine nettsider kan du lese meir om anbefalingane som er gitt frå faginstansane for den kommande NTP-perioden. På regjeringa sine nettsider kan du lese om heile NTPen for alle transportformar.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.