Tildelingsbrev for 2026
Jernbanedirektoratet har mottatt tildelingsbrev frå Samferdselsdepartementet for 2026. Her får direktoratet viktige styringssignal, fullmakter og rammer for arbeidet.
Kva er nytt i 2026?
Felles prioriteringar for jernbanesektoren: Samferdselsdepartementet har for første gang definert felles prioriteringar for alle verksemdene i jernbanesektoren. Alle verksemdene er gjensidig avhengige av kvarandre, og felles måloppnåing forutset at alle trekker i same retning, går i samme takt og samarbeidar godt.
Verksemdene skal
- auke innsatsen for betre punktligheit
- bidra til vellykka innføring av tilbudsforbetring i 2028 (R28) og innfasing av nye tog
- styrke innsatsen for å avgrense talet klimarelaterte hendingar og konsekvensane av desse
- bidra i arbeidet med neste Nasjonal transportplan for å gi fagleg gode beslutningsgrunnlag for departementet
- bruke tilbakemeldingar frå kundane i større og meir systematisk grad, både togpassasjerane og persontog- og godstogoperatørane, i sitt forbetringsarbeid
- samarbeide tettare for å sikre at informasjonen til dei reisande er lett tilgjengelig, påliteleg og einsarta på tvers av ulike informasjonskanalar, både når trafikken går som normalt og ved avvik
Revidert styringssystem: Alle verksemdene skal legge det reviderte styringssystemet i sektoren til grunn for sin eigen verksemdsstyring og samhandling med andre aktørar. Dette styringssystemet omfattar:
- Eit heilheitleg plansystem basert på Nasjonal transportplan og årlege statsbudsjetter, med krav om konsistens mellom planar i verksemdene og Jernbanedirektoratet sin gjennomføringsplan
- Oppdragsbrev som saman med tildelingsbrev utgjer det samla styringsbudskapet frå Samferdselsdepartementet.
- Eit felles risikostyringssystem for tidleg identifisering, rapportering og handtering av risiko på tvers av sektoren.
- Eit styringsrammeverk for nye tilbodsforbetringar som gjer roller, ansvar og avgjerdsprosessar tydeleg.
- Etablerte arenaer for koordinering under Jernbanedirektoratet si leiing.
11 nye oppdrag: Jernbanedirektoratet har fått nye oppdrag i tildelingsbrevet. Blant anna utgreiing av nasjonalt reisekort, tiltak for reduksjon av klimagassutslipp og forprosjekt for ny togradio (FRMCS).
I tillegg har det kome oppdaterte krav til rapportering og oppfølging.
Nye oppdrag for 2026
- Utarbeiding av metodikk og forutsetningar for berekning av behov for serviceanlegg
- Ivaretaking av drift av museumstog ved innfasing av ERTMS
- Administrativt strekningsvern av Raumabanen og Flåmsbana
- Kompensasjonsordning for godstogselskap etter ekstraordinære naturhendingar
- Førebuing for gjennomføring av ny forordning om kapasitetsfordeling
- Forprosjekt for ny togradio FRMCS
- Supplerande vurderingar av tilskotssordning for langdistansebussar
- Utgreiing av nasjonalt reisekort
- Kunnskapsgrunnlag og anbefalingar for bruk av før- og etterundersøkingar
- Tiltak for reduksjon i klimagassutslipp på kort og mellomlang sikt
- Innretning av jernbanesektoren sitt arbeid med Nasjonal transportplan 2029–2040
Direktoratets mål og hovedprioriteringar for 2026
Langsiktig strategi og overordna mål er dei same som i fjor, og er fastsatt i Nasjonal transportplan 2025–2036. I tillegg har Jernbanedirektoratet sju mål for verksemda som skal bidra til å oppfylle måla i NTP og følge opp jernbanestrategien. Desse blir vidareført frå i fjor. Det same gjeld dei fleste hovudprioriteringar for Jernbanedirektoratet også, med unntak av ein ny hovudprioritering knytt til oppfølging av risiko og tiltak.
Særleg viktige områder for Jernbanedirektoratet å følge opp i 2026:
- Å vidareutvikle verksemdstyringa i direktoratet slik at denne betre understøttar direktoratet si koordinerande og strategiske rolle i sektoren.
- Å fortsatt rette arbeidet for auka driftsstabilitet mot å oppnå konkrete resultater, styrke samarbeidet og presisjonskulturen i sektoren.
- Å sikre eit togtilbud i tråd med regjeringa sine ambisjonar i Meld. St. 14 (2024–2025), Nasjonal transportplan 2025–2036 og Prop. 1 S (2025–2026).
- Tett oppfølging av risiko og tilhøyrande tiltak som blir synliggjort i det heilheitlege risikosystemet for sektoren.
- Å vidareutvikle finansieringsordningane, samhandlingsstrukturen og regelverket for sømløs mobilitet.
Les meir om prioriteringane og dei ulike oppdraga i tildelingsbrevet: