Voss stasjon. Turister og hverdagsreisende i skjønn forening.

Turist- og pendlarbanen

På Vossebanen møtest to verder. Innover mot Bergen om morgonen og utover igjen mot Voss på ettermiddagen er toga fylte opp av folk som skal på arbeid eller andre kvardagslege gjeremål. I motsett retning til dei same tidene er passasjerane i dei same togsetta av ein heilt annan kategori. Då er det turistar frå store delar av verda som fyller plassane. – Dette er jo vinn-vinn for oss, smiler Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest.

Foto: Njål Svingheim

– Denne sommaren teiknar til å bli veldig bra, seier direktør Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest. No køyrer vi med alt vi har av togmateriell. Det går fleire tog enn nokon gong på både heile Bergensbanen og det me kallar Vossebanen.

Konduktør Jørgen Totland og direktør Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest er nøgde med trafikken på Vossebanen.Foto: Njål Svingheim
Konduktør Jørgen Totland og direktør Yvonne Torgersen Hetlevik i Vy Tog Vest er nøgde med trafikken på Vossebanen.

– Eigentleg bruker vi omgrepet Vossebanen på alle regiontog heilt opp til Myrdal, legg ho til. Når pendlartoga frå Voss kjem til Bergen på morgonen så vender dei tilbake retning Voss og Myrdal med turistar. Det er europearar på familieferie, folk frå Asia på gruppereiser eller amerikanarar på «Norway in a nutshell»-tur. Aller fullast er det på 8.30-toget ut frå Bergen om morgonen.

Reddar økonomien

– Det er sommartrafikken som reddar oss økonomisk, forklarer Hetlevik. Gjennom vintersesongen går vi med tap. Vi er derfor heilt avhengige av sommartrafikken for at vi skal få persontrafikken på Bergensbanen og Vossebanen i pluss. Derfor legg selskapet også ned mykje arbeid i å leggje til rette for turistane. I fjerntoga er det enkelt å sikre at turistar og grupper får reservert plass og sitje saman under heile reisa. På regiontoga har det ikkje vore lagt til rette for dette. Frå i år har vi fått på plass moglegheit for plassbestilling også i regiontoga. Dette er noko særleg utanlandske turistar er opptekne når dei bestiller ei reise.

Familien Pedonesi frå Italia har funne seg godt til rette på toget.Foto: Njål Svingheim
Familien Pedonesi frå Italia har funne seg godt til rette på toget.

Frå Italia

På regiontoget retning Voss og Myrdal denne morgonen treffer vi familien Pedonesi frå Toscana i Italia med mor, far og dotter. Dei har sikra seg ei firar-gruppe og har funne seg godt til rette på toget. Familien har vore eit par dagar i Bergen og er no på veg til Flåm som ein del av ein rundtur i Noreg. – Vi ser veldig fram til å reise med Flåmsbana og vidare med båt på fjorden derifrå, fortel dei. – Men det hadde jo vore fint med litt opphaldsvêr, legg dei til!

Pendlarar den eine vegen og turistar den andre set sitt preg på Vossebanen.Foto: Njål Svingheim
Pendlarar den eine vegen og turistar den andre set sitt preg på Vossebanen.

Stusselig utan

Konduktør Jørgen Totland trivst med turistane om bord. – Det hadde jo blitt ganske så stille i desse toga som går motsett av rush-retninga utan turistane, seier Totland. – Eg trivst absolutt best når det mange passasjerar om bord. Sjølv om det er berre på Flåmsbana at det er eigne guidar i toga, så prøver vi jo å svare så godt vi kan på det som måtte vere av spørsmål frå turistane. Ein hovudregel er at vi tilrår å sitje på venstre side av toget før Voss, og så på høgre side etter Voss, smiler han. Ut frå Bergen får ein då den beste utsikta heile vegen. Vossebanen og strekninga opp til Myrdal byr på mykje flott natur gjennom det vestlandske fjordlandskapet og opp mot fjellet gjennom Raundalen.

Konduktør Jørgen Totland trivst godt med turistane som fyller opp toga om sommaren.Foto: Njål Svingheim
Konduktør Jørgen Totland trivst godt med turistane som fyller opp toga om sommaren.

Avlaster fjerntoga

Vy Tog Vest har byrja å køyre nokre av Vossebane-toga heilt opp på fjellstrekninga i sommarsesongen. – Dette gjer vi for å avlaste fjerntoga våre, forklarer Yvonne Torgersen Hetlevik. No køyrer vi eitt togpar som snur på Geilo og eitt som snur på Finse. Over fjellet mellom Myrdal og Geilo har vi svært mange gruppereiser i tilknyting til Flåmsbana. På denne måten unngår vi at fjerntoga blir blokkerte av reisande som berre er med på denne korte strekninga. Vi har så mange turistar på Bergensbanen om sommaren, at vi sikkert kunne fylt opp enda fleire tog enn dei seks vi no køyrer i kvar retning, seier ho. Etter bortfallet av nesten all trafikk under pandemien, er no trafikktala høgare enn i 2019. Det er vi svært glade for, og eigentleg heilt avhengig av, seier Hetlevik. Vossebanetoga bidreg veldig godt inn i dette, både som sjølvstendig togprodukt og som avlasting for fjerntoga, utdjupar ho.

Grupper med turister i regiontoga avlastar fjerntoga.Foto: Njål Svingheim
Grupper med turister i regiontoga avlastar fjerntoga.

Togmateriellet

Toga på Vossebanen blir køyrde med Flirt-tog av typen 75-2. Det betyr at ein del av toget har same standard som type 74, med to + to seter i breidda, medan den største delen er innreidd med tanke pendlartrafikken med to + tre seter. – Me er nøgde med denne togtypen, seier Torgersen Hetlevik. Toga har store vindauge, god romkjensle og godt med plass til bagasje. Det at toga berre har to toalett er likevel eit minus på så lange turar. For å få kabalen til å gå opp køyrer vi eitt av fjerntoga heile vegen Bergen–Oslo med type 74, altså same type tog, men med innreiing for noko lengre reiser.
–Inntrykket vårt er at dette fungerer greitt. For resten av fjerntoga må vogner av type 7 og lok type El 18 gjere jobben i enda nokre år før dei nye fjerntoga kjem. – Vi får det til, men gler oss stort til å få nye tog, seier ho.

Pilene peiker i riktig retning for punktlegheita. Tog til tida er viktig for brukarar.Foto: Njål Svingheim
Pilene peiker i riktig retning for punktlegheita. Tog til tida er viktig for alle brukarar.

Punktlegheit

Vossebanen har hatt ei markant betring i punktlegheita etter at dobbeltsporet Bergen–Arna opna i fjor. Lokalstrekninga til Arna ligg naturleg nok i ein særklasse og tett oppunder 100 prosent, men Vossebane-trafikken og fjerntoga kan også visa til ei god utvikling.
– Me er like avhengige av punktlegheit og regularitet her som på andre strekningar. Både pendlarar og turistar er opptekne av å komme fram til tida!

Punktlegheit og trafikk

  • Punktlegheit R40 Vossebanen til no år: 87,1 proset
  • Punktlegheit F4 Bergensbanen til no i år: 77,6 prosent
  • Passasjerar i 2024 på Vossebanen, Bergen–Arna–Voss–Myrdal: 1 913 305
  • Passasjerar i 2024 Bergensbanens fjerntog: 1 112 094

Sjå også:

Nytt dobbeltspor gir rekordhøg punktliegheit

Byggjestart på kjempeprosjekt i år

Flott utsikt langs fjorden også på ein gråværsdag.Foto: Njål Svingheim
Flott utsikt langs fjorden også på ein gråvêrsdag.