
Byter ut 60 år gammalt anlegg på Bergensbanen
Bergensbanen blei opna for elektrisk drift i 1964. I meir enn 60 år har kontaktleidningsanlegget gjort jobben, men no er det på høg tid med fornying. På dei 180 kilometrane frå Hønefoss opp gjennom Hallingdal til Haugastøl oppe på fjellet går det no føre seg ein stor jobb med nytt anlegg for straumforsyninga til toga. Gevinsten er meir stabil drift og auka kapasitet.
– Det er veldig moro å jobbe med eit så stort prosjekt! Utsegna kjem ganske så samstemd frå Bane NOR sine byggjeleiarar Steinar Andre Steinarsson og Anders Tangen Bjørkholt, og prosjektleiar Kristian Øvereng Hovde på brakkeriggen på Sokna stasjon.

Bergensbanen får no nytt kontaktleidningssystem med autotrafoar på heile strekninga aust for Haugastøl. Behovet for utskifting er stort. Det gamle anlegget krev både mykje vedlikehald og er prega av ein del feil. – Vi kjem også over stolpar som byrjar å bli veldig prega av tid og alder, fortel Hovde. Det vi no gjer betyr ei total fornying av straumforsyningsanlegget til banen.
Gamle tremaster frå tidleg på 1960-talet blir erstatta av nye stålmaster som blir monterte på solide betongfundament. Stolpane ber no både sjølve kontaktleidningen og linene for straumforsyning.
– Forskjellen frå det gamle anlegget ligg mellom anna i at vi med autotrafoar unngår spenningsfall og sugetransformatorar, forklarer prosjektleiaren.

Meir straum
Dermed blir det meir straum tilgjengeleg for toga og mogleg med både tyngre godstog og fleire tog på strekninga. Oppstår det ein feil, så blir det no mogleg ha frakopling på delar av strekninga, medan trafikken kan halde fram på tilstøytande strekningar. – Det vi gjer her er ikkje berre å erstatte eit gammalt anlegg, men vi byggjer også noko som er ei klar forbetring, seier Steinar Andre Steinarsson. Vi har jamlege møter folka i driftsavdelinga, og dei gler seg også stort over å få eit nytt og betre anlegg å jobbe med.

4000 nye master
Det er eit omfattande anlegg som no strekkjer seg over heile denne 180 kilometer lange delen av Bergensbanen. Først blir sjølve fundamenta monterte for dei nye mastene. Mellom Hønefoss og Haugastøl kjem det no 4000 nye stålmaster. Dette skjer ved hjelp at eit spesialbygd arbeidstog som både borar hol og set ned dei ferdigstøypte mastefundamenta. Deretter kjem eit arbeidstog som gyser fast fundamantene i boreholet. Deretter skal sjølve stålmastene reisast og monterast på fundamenta, før både straumliner på toppen og til slutt sjølve kontaktleidningen for toga blir strekt. Det siste som så skjer er at det gamle anlegget blir demontert og fjerna.

To totalentreprisar, to milliardar
Det nye kontaktleidningsanlegget gjennom Hallingdal er delt opp i to totalentreprisar. Strekninga Hønefoss–Nesbyen blir bygd av NRC og Nettpartner i fellesskap, medan Nesbyen – Haugastøl blir bygd av Baneservice. Prislappen på det nye anlegget er to milliardar kroner, og arbeidet skal vere ferdig hausten 2027. Dette er den første delen av Bergensbanen som får nytt kontaktleidningsanlegg, men det er også behov for fornying på dei tilstøytande strekningane. Både Gjøvikbanen, Roa – Hønefossbanen og Randsfjordbanen har gamle anlegg. Sjølv om det ikkje er avklart verken rekkjefølgje eller tidsramme for neste etappe, reknar karene med at fornyinga må halde fram.
Togtrafikken går som vanleg
Den store fornyingsjobben blir gjennomført utan at ordinære tog skal innstillast som følgje av anleggsarbeida. På Bergensbanen betyr det at det blir veldig mykje nattjobbing og tidleg formiddag. – Framdrifta er god, men det blir sjølvsagt merkbart at det blir mykje jobb om natta på dei som er ute i sporet, seier Hovde. I tillegg til dei ordinære arbeidsøktene blir også tre såkalla 20-timars brot i togtrafikken utnytta. Desse er planlagde fleire år i førevegen for å få utført operasjonar som ikkje kan gjerast innimellom ordinær togtrafikk.
Har de møtte på spesielle utfordringar undervegs?
– Ikkje mykje. Det er nokre utfordringar med dei tronge tunnelane der det er dårleg med plass i tunneltaket, fortel Kristian Hovde. Men vi finn løysingar og kan hauste av erfaringar frå folk som har drive nokre år med slike jobbar. På Sørlandsbanen har dei til dømes hatt tilsvarande utfordringar. Så er det jo også viktig at vi får informert om arbeida til dei som bur langs banen. Det medfører jo ein del støy når vi skal jobbe tett på naboane våre. Då tilbyr vi hotellovernatting, men erfaringa vår er at dei aller fleste vil vere heime likevel. Det er jo ikkje så mange timane vi jobbar på kvar stad, legg han til.

Ny kontaktleidning med autotrafo
- Bane Nor skal fornye alle elektrifiserte strekningar med autotrafo-anlegg
- Det gir meir stabil straumforsyning og betre spenning for toga
- Dei største elektrifiseringsprosjekta i Noreg skjedde på 1950 og -60-talet
- Det gamle anlegga treng no fornying, det tyder at anlegga ute langs sporet må byggast opp heilt på nytt
- Gevinsten for togpassasjerane oger færre feil og færre driftsavbrot
- Gevinsten for godstrafikken er meir straum som sikrar god framkommelegheit, auka kapasitet i straumforsyninga og moglegheit for lengre tog
- Bergensbanen får no nytt kontaktleidningsanlegg frå Hønefoss omformarstasjon ved Nøkleby til Haugastøl stasjon. Det er ei strekning på 180 kilometer
- Pris: To milliardar kroner
- Talet på master: 4000