Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Persontrafikk Stor interesse for dei nye fjerntoga
Det nye norske fjerntoget blei vist for første gang på Innotrans-messa i Berlin.

Stor interesse for dei nye fjerntoga

Togprodusenten Stadler og Norske tog viste nyleg fram dei nye toga som skal trafikkerte fjernstrekningane i Noreg i åra som kjem. På den store messa Innotrans i Berlin blei dei første vognene viste fram. Norske tog har bestilt 17 motorvognsett av typen Flirt Nordic Ekspress frå Stadler. Første tog ventast i trafikk på Bergensbanen i 2028.

Pedro Becerra @ STAGEVIEW.de


Dei nye norske fjerntoga vakte stor interesse då dei for første gong blei presenterte offentleg på Innotrans i Berlin. – Det første komplette togsettet kjem til Noreg på nyåret, og då startar eit omfattande testprogram før det blir sett inn i trafikk i 2028, seier adm. direktør i Norske tog, Øystein Risan, i ei pressemelding. Toga skal prøvast ut under norske forhold, og ikkje minst skal vintereigenskapane testast grundig før dei blir sette inn på Bergensbanen, seier Risan.

Det første togsettet kjem til Noreg på nyåret 2027 Stadler
Det første togsettet kjem til Noreg på nyåret 2027

På høg tid


Det er på høg tid at det skaffast nye tog til fjerntrafikken. Særleg er vognene av typen B7 som brukast på Bergensbanen, meir enn modne for utskifting. Det krevst ein stor vedlikehaldsinnsats for å halde B7-vognene i trafikk då den teknisk/økonomiske levealderen deira er passert.

Dei 17 nye togsetta som nå er i produksjon hos Stadler, skal settast inn på alle fjernstrekningane: Dovrebanen, Sørlandsbanen, Nordlandsbanen og altså først på Bergensbanen. Toga får åtte vogner og blir utstyrt med både bistro, leikeavdeling, sovekupéar og større område for reisande med redusert mobilitet.

Dei nye fjerntoga skal tilby høg komfort på lange reiser. Pedro Becerra @ STAGEVIEW.de
Dei nye fjerntoga skal tilby høg komfort på lange reiser.

Robust og påliteleg

Norske tog framhevar at dei nye toga skal gi ei meir robust og påliteleg drift, effektivt vedlikehald og standardisert opplæring og tilgang på reservedelar. Toga kjem også i ein bimodal versjon som kan køyre på både diesel og elektrisitet for bruk på Nordlandsbanen.

Dei nye toga vil også ha sovekupéar som kan gjerast om til kupéar på dagtid, slik at dei er anvendelege også på dagtid.

Norske tog har opsjon for å kunne bestille inntil 50 tog av typen.

Fakta

  • 17 togsett på åtte vogner er bestilt
  • Settast i trafikk frå 2028, først på Bergensbanen
  • Lengd: 220 meter
  • Hastigsheit: opptil 200 km/t
Frå bistro-avdelinga i det nye fjerntoget Pedro Becerra @ STAGEVIEW.de
Frå bistro-avdelinga i det nye fjerntoget