Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Persontrafikk Fåvang stasjon kortar inn buss-strekning på Dovrebanen
Fåvang stasjon med omstigning til buss Fåvang - Ringebu fra 10. desember 2023.
,

Fåvang stasjon kortar inn buss-strekning på Dovrebanen

Fåvang stasjon på Dovrebanen vart opna for togtrafikk igjen frå 10. desember. Dermed er buss for tog-strekninga som følgje av den flaumskadde Randklev bru korta inn til om lag 10 kilometer. Fåvang stasjon (biletet) har vore utan persontrafikk i 23 år.

Njål Svingheim

Bane Nor har i haust bygd ny plattform på Fåvang stasjon og lagt til rette for overgang mellom buss og tog på stasjonen. Fåvang ligg 10 kilometer sør for Ringebu. For persontrafikken er det no berre mellom desse stasjonane at det må køyrast buss for tog inntil Randklev bru kan opnast igjen. Bane Nor opplyser at planen er å få reparert brua og gjere ho klar for togtrafikk før sommaren. Inntil så skjer må så mykje som mogleg av godstrafikken blir køyrt over Rørosbanen. Randklev bru er dermed óg ein nøkkel for persontrafikken på Rørosbanen sidan godstoga har prioritet der inntil heile Dovrebanen kan opnast att.

Fåvang stasjon

Overgangen mellom buss og tog skjer frå 10 desember på Fåvang og Ringebu stasjonar slik at det no blir køyrd tog Oslo S–Fåvang, buss Fåvang–Ringebu (10 km), og tog Ringebu–Trondheim. SJ Norge opplyser at dei framleis er nøydde til å dekkje ein avgang i kvar retning med bussar heile vegen Fåvang–Trondheim, sidan brotet óg betyr endringar i bruken av togmateriellet nord og sør for Ringebu. Dette gjeld avgangane frå Oslo S kl. 08.02 og frå Trondheim kl. 12.06.

Fåvang stasjon har ikkje moglegheiter for parkering av privatbilar, men det er mogleg å parkere i Fåvang sentrum. Gjenopninga av stasjonen på Fåvang er mellombels og gjeld inntil Randklev bru er reparert.

Fåvang stasjonNjål Svingheim
Bane NOR har bygd ei ny 220 meter lang plattform på Fåvang. Stasjonen har ikkje hatt togstopp sidan 2001.

Nye togruter fra 10. desember

Frå 10 desember vart det óg gjennomført ei rekkje andre forbetringar i rutetilbodet. På Austlandet blir det no køyrd fleire avgangar i helgane, og Vy har dobla talet på avgangar til og frå Gøteborg, noko som gir betre togsamband også til Danmark. 

SJ El 18 på Ringebu stasjonNjål Svingheim
Ringebu stasjon med tog frå Trondheim.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.