
Med mål om å vidareutvikle persontrafikken
Jernbanedirektoratet arbeider no med ein fullstendig gjennomgang av måten avtalane for persontrafikk i heile landet er lagt opp på. – Målet med arbeidet er å sørgje for at dagens persontogtilbod blir vidareført og vidareutvikla i tråd med regelverket, seier Evelyn Amland som har ansvaret for arbeidet med trafikkavtalane. – Vi er opptekne av å ta med oss alle typar erfaringar frå dagens avtalar i arbeidet med ny struktur for persontrafikkavtalane, seier Amland.
Dagens trafikkavtalar går ut i perioden 2027 til 2033, og må erstattast. I samband med innføringa av EUs fjerde jernbanepakke vart marknaden for innanlandske persontogtilbod liberalisert.
Interesse for kommersiell trafikk
Den siste tida har det blitt avdekt kommersiell interesse for fleire persontogtilbod, og Statens jernbanetilsyn har fått ei rekkje meldingar om nye kommersielle persontransporttenester. – Vi har også opparbeidd oss mange erfaringar i dagens avtalar som kan påverke inndelinga til trafikkavtalane, seier Evelyn Amland.
Som kjent er dagens avtalar inndelte i fem trafikkpakkar. Det er to avtalar for lokal- og regiontrafikken på Austlandet, medan det er tre avtalar for trafikken elles i landet. I tillegg har vi to trafikkavtalar knytt til grensekryssande togtilbud Narvik–Stockholm og Oslo–Stockholm.

Full gjennomgang
– Utviklinga no tilseier at vi må gjennomføre ein ny og heilskapleg gjennomgang av det reelle behovet for forpliktingar til å yte offentleg teneste med persontransport med jernbane i Noreg. Altså skal vi rett og slett vurdere kvar persontrafikken kan gå utan offentlege tilskot, og kvar slike tilskot er nødvendige for halde oppe eit togtilbod, forklarer Amland.
Dette er viktig både for å sikre at trafikkavtalane blir inngått i tråd med statsstøtteregelverket, og for å sikre at trafikkavtalane blir rett strukturerte for å optimere mellom anna inntekter, kostnader, produksjon, logistikk og vedlikehald. Eventuelle behov for strukturendringar kan dermed komme av både auka innslag av kommersiell persontrafikk med jernbane, og andre læringspunkt frå dagens trafikkavtalar.

Fleire moglege utfall
Avhengig av funna i våre interne vurderingar av transportbehov og av marknaden, marknadsdialogen og gjennomgangen av erfaringane frå dagens trafikkavtalar, kan det vere fleire aktuelle scenario. Dette kan inkludere vidareføring av dagens avtalestruktur, men utan eventuelle kommersielt drivne tilbod, avtalar som berre dekkjer lokal- og regiontog, og/eller avtalar som dekkjer nattog og/eller andre fjerntog.
– Dette er komplekse vurderingar med mange avhengnadar, og vi har per i dag ikkje grunnlag for å seia noko av kva som er eit sannsynleg utfall av gjennomgangen, seier Amland.

Ønskjer selskapa sine vurderingar
Jernbanedirektoratet har i år vurdert kva transportbehov persontogtilbodet skal dekkje, og dessutan gjort innleiande marknadsvurderingar av moglegheiter for kommersiell drift av tilboda. – Dette arbeidet held fram gjennom at vi har invitert marknadsaktørane til å sende over deira vurderingar av kommersielle moglegheiter på heile det norske jernbanenettet. Fristen for innspel til dette er 25. august.
Parallelt startar vi no med ein gjennomgang av trafikkavtalane for å sjå om det er behov for å vidareutvikle desse ut frå endringane i regelverket og erfaringane vi har gjort oss frå dagens avtalar, seier Evelyn Amland. – Vi er spente på dei innspela som kjem, og vi håpar togoperatørane ser dette som interessante moglegheiter for vidare utvikling av togtilbodet og marknaden for dette.

Betre innsikt
Førebels har ikkje arbeidet komme langt nok til at det kan seiast noko om kor store eller kva endringar som kan komme i persontogtilbodet. – Men vi får stadig betre innsikt, vi merkar stor interesse og ser fram til å komme tilbake med meir informasjon etter kvart som vi får meir klarheit i kva marknad vi ser for oss for persontrafikken, seier Amland.
– Vi som jobbar med dette synest det er veldig givande å gjere ein slik total gjennomgang av trafikkavtalane og marknaden for persontrafikken. Vi er opptekne av dialog og innspel frå sektoren. Dette er også ei krevjande og kompleks oppgåve der vi har ei rekkje omsyn vi må ha med oss i våre vurderingar, avrundar Amland.
