
Nødvendig å sikre god kapasitet på verkstadene
Tilgangen til verkstader er like viktig for å oppretthalde eit godt togtilbod som at infrastrukturen fungerer. No har Jernbanedirektoratet laga ein plan som ser på behova for verkstader i heile Noreg.
Den siste tida har det vore mykje merksemd rundt kapasiteten på jernbaneverkstadene rundt om i landet, både i media og internt i sektoren. Særleg etter vinteren 2024 då mange tog trong vedlikehald i tida etterpå. Men også no i seinare tid, med fulle tog på Austlandet på grunn av redusert tilgang til verkstader, og etter raset i Levanger då toga i Nord-Noreg mista tilgangen til verkstaden lenger sør.
– Verkstadkapasiteten er utfordrande både for persontog, godstog og skinnegåande maskiner som blir brukt til å vedlikehalde og fornye infrastrukturen. Vi vurderer denne situasjonen som kritisk, fortel Bente Bukholm, seniorrådgivar ved køyretøyseksjonen i Jernbanedirektoratet.
Foto: Jeanett Haugstulen GrindenSituasjonen gjer at Jernbanedirektoratet no har kome med ein plan som skildrar verkstadkapasiteten for heile jernbanesektoren, slik den er i dag og korleis den vil bli framover.
– Vi ser også på korleis sektoren kan løyse problema med den manglande kapasiteten ved verkstadene, seier Bukholm.
Ulike utfordringar ved verkstadene
Under arbeidet med planen har aktørane i sektoren kome med tilbakemeldingar på kva dei ser som dei største utfordringane.
For persontoga er hovudutfordringa at det har skjedd ei utvikling i køyretøyparken. Dei nye motorvognsetta er lengre og har mykje av utstyret sitt på taket. Det gjer at mange av dagens vedlikehaldsspor ikkje er tilstrekkelege.
– Denne problemstillinga vil forsterke seg ytterlegare når vi får nye togsett både på lokal-, region- og fjerntog. Konsekvensane er at ein del av verkstadspora som finst i dag, ikkje lenger er eigna til å vedlikehalde persontoga, fortel Bente Bukholm.
Godstog og skinnegåande arbeidsmaskiner har litt andre utfordringar. Dette er aktørar som opererer kommersielt der betalingsevna er avgrensa i ein svært pressa marknad.
– I dag blir det nytta mykje midlertidige løysingar som held aktørane flytande. Dette inneber at dei reiser ut og gjer vedlikehald der arbeidsmaskinene er. Men aktørane meiner at dette ikkje er berekraftig på sikt.
Både for persontoga og for godstoga og skinnegåande arbeidsmaskiner er det ei utfordring at det er mangel på spor hos verkstadene, og at desse ikkje blir utnytta tilstrekkeleg.
Dagens verkstadkapasitet
- 14 verkstader er i bruk.
- Desse er av varierande storleik og til ulik bruk.
- Nokre er verkstader for persontog, medan andre er for godstog og skinnegåande arbeidsmaskiner (sjå kart for ei oversikt).
- Dei største verkstadene er plassert på Grorud (60 000 m2) og i Lodalen (43 000 m2) i Oslo, på Marienborg (36 000 m2) i Trondheim, og Sundland (17 600 m2) i Drammen.
- Det er Bane NOR Eiendom som eig dei fleste verkstadene.

Gamle verkstader med for korte spor
Det er mange ting som avgjer kva som er kapasiteten til verkstadene. Talet på spor er viktig, men det er også avhengig av at spora er utforma på ein riktig måte for det toget som skal ha vedlikehald, og korleis alt rundt spora er organisert.
– Nyare motorvognsett er 110 meter og kan ikkje delast opp. Dei treng difor vedlikehaldsspor i full lengde. Dette betyr at dei eldre verkstadene ikkje har spor som er lange nok eller ikkje har tilstrekkeleg utstyr, forklarar Bukholm.
På eldre togtypar kunne mykje av vedlikehaldet gjerast frå sida av toget, og det var tilstrekkeleg med graver og løftebukkar. På dei nye motorvognsetta ligg mykje av funksjonaliteten på taket og under toget. Då oppstår det større behov for takplattformer og løftebukkar som kan løfte alle dei fire–seks vognene i eit tog samtidig.
– Denne problemstillinga blir forsterka ytterlegare når dei nye fjerntoga kjem. Dei er ca. 220 meter i full lengde. Dei kan delast til 110 meter, men det tar tid. Plass til togparkering ved verkstadene er også ein knapp ressurs, seier fortel ho.
Oppgraderer Sundland verkstad
På Austlandet har det vore utfordringar med fulle tog i sommar fordi det har vore avgrensa tilgang på grunn av stengde spor inn til Sundland verkstad. Årsaka til dette har vore ombygging av Drammen stasjon og ny tunell på Vestfoldbana, og no i seinare tid har det vore ombygging av ny mottaksbase på Sundland verkstad. Dette kan være ei, av fleire, årsakar til at fleire tog har køyrt med færre vogner den siste tida.
Foto: Ragnhild Langeland– Sundland verkstad består av tre bygg på 16 000 kvadratmeter. Det eine bygget, bygg J, er no under ombygging, og skal bli utvida med 116 meter slik at vi kan ta imot dei nye fjerntoga på 220 meter, fortel Hans Inge Fuglseth, regionleiar i Bane NOR Eigedom og serviceanlegg, når han viser rundt på verkstaden.
Ombygginga vil vare til første kvartal i 2027. Då blir det vanleg drift ved verkstaden igjen, og bygget vil vere tilpassa nye tog.
– I dag er det slik at anlegga berre kan løfte enkelte typar tog. På dagens anlegg er arbeidet avgrensa slik at vi anten kan jobbe på taket eller løfte opp toget og jobbe under. Med det nye anlegget kan vi løfte alle typar tog. Vi kan også velje å gjere vedlikehald på taket på deler av toget, medan vi jobbar nede på ein anna del av toget. Dette vil føre til at vi kan gjere vedlikehaldet raskare og meir effektivt, fortel Gaute Lorentzen, prosjektleiar for utbygginga.
Foto: Ragnhild Langeland
Foto: Ragnhild Langeland
Foto: Ove Vedvik / Bane NORMidlertidig verkstad i Bodø
Utbygginga på Sundland verkstad er eit eksempel på kva Jernbanedirektoratet meiner må gjerast på kort sikt for å betre situasjonen ved fleire verkstader.
– Vi bør auke verkstadkapasiteten i eksisterande vedlikehaldsspor. Dette meiner vi kan gjerast ved at verkstadene får nødvendig utstyr til å betene nyare motorvognsett med fleire takplattformer og løftebukkar. I tillegg må det leggast til rette for å gjere vedlikehald i fleire skift og i alle tilgjengelege spor, seier Bente Bukholm.
Etter jordraset i Levanger i august har Nordlandsbanen vore stengt for gjennomgåande trafikk, og SJ Norge sine tog på nordsida av jordraset har ikkje kunne kome seg på verkstad i Trondheim. No blir det etablert ein midlertidig verkstad i Bodø for desse toga.
Kapasitetsauke og nye verkstader
Jernbanedirektoratet ser også behov for at det blir bygd ein verkstad når nye fjerntog blir innført på Nordlandsbanen rundt 2030.
– Utfordringa her er at det har ein stor kostnad og at prosessen har trekt ut i tid. Jernbanedirektoratet anbefaler også å etablere på sikt ein ny verkstad på det sentrale Austlandet, og at denne prosessen bør starte no. Vi meiner også at Bane NOR Eigedom må sørge for at det finst lokalar for å vedlikehalde godslokomotiv dersom dette ikkje lenger skal gjerast i Fjellstallen i Lodalen etter 2029, seier Bukholm.
Vil sikre betre oversikt
For å sikre at vi har oversikt over verkstadene og behovet blant aktørane i sektoren, skal Jernbanedirektoratet oppdatere planen for nasjonale verkstadbehov kvart år. Dette blir ein del av gjennomføringsplanen for Nasjonal transportplan (NTP), som vi oppdaterer årleg i samsvar med prioriteringar på statsbudsjettet.


