
Olavsrosa tildelt tog frå 1861
Det var feststemning på Norsk jernbanemuseum og om bord i det rullande klenodiet til museet, Karettoget, 30. september. Samtidig med at museet markerte 130-årsjubileet sitt, blei Karettoget tildelt Olavsrosa frå stiftinga Norsk kulturarv. Olavsrosa er eit kvalitetsmerke for kulturhistorisk viktige opplevingar og levande kulturarv. – Vi er både stolte og glade for tildelinga, seier direktør ved jernbanemuseet, Marie Beate Riise.
30. september var det markering av at det eldste tekniske museet i landet fyller 130 år i år. Markeringa skjedde med talar og kulturelle innslag i lokala til Jernbanemuseet på Hamar. Deretter gjekk turen med Karettoget frå Hamar til Elverum. På Elverum stasjon blei Karettoget tildelt Olavsrosa frå Stiftinga Norsk kulturarv.
Njål Svingheim
Karettoget
Karettoget består av lokomotivet Caroline frå 1861, og vogner frå rundt 1880. Vognene, eller karetane, vert kjenneteikna ved at alle kupéane har direkte inngang frå sidene. Det er ikkje er mogleg å gå gjennom toget. Konduktøren måtte derfor gå på utsida av vognene, – i fart. – Karettoget er eit av dei eldste køyrbare veterantoga i verda, og vi er svært stolte av å kunne tilby ei reise med tog slik det var for 150 år sidan, seier Marie Beate Riise. Restaureringa av toget blei påbegynt i 1990. Den første delen av toget blei ferdig restaurert til 100-årsjubileet til museet i 1996. Prosjektet vart først endeleg fullført i 2011.
Njål Svingheim
Under markeringa blei rolla til Jernbanemuseet som ein viktig kulturbærar vektlagd i helsingstalar frå både jernbanedirektør Anne Iren Fagerbakke, konsernsjef Agnete Johnsgaard–Lewis i Bane NOR, Aase Hokfeldt–Eskevik frå Riksantikvaren og Espen Overskott frå Hamar kommune. Også innsatsen til dei mange frivillige som rundt om i landet bidrar til å ta vare på materiell og ved drift av museumsbanar, blei framheva.
Njål Svingheim
Jernbanemuseet, eit av dei eldste i verda
I år er det 130 år sidan Jernbanemuseet blei etablert. Historia starta på Hamar allereie i 1896. Museet har heile tida halde til på Hamar, og frå 1956 på nåverande stad på Martodden.
Norsk jernbanemuseum tar vare på både bygningar, rullande materiell og gjenstandar frå jernbanehistoria. Museet er også operatør på det nasjonale jernbanenettet og arrangerer turar, både med Karettoget ut frå Hamar, men også med stålvognstoget rundt om i landet. Stålvognstoget består av typiske vogner frå 1960–70-talet og kan trekkast av både diesel- og elektriske veteranlokomotiv. Slik bringast jernbanehistorien også ut til folk rundt om i landet.
Njål Svingheim
– Når vi tar vare på historisk materiell og samtidig bruker det aktivt, bevarer vi både lokomotiva, vognene, kunnskapen, handverket og opplevinga. Det gjer historia levande på ein måte som er vanskelig å få til på andre måtar, seier museumsdirektør Marie Beate Riise.


