Tog og kameratskap

Dei bruker tallause timar av fritida si på å ta vare på jernbanehistoria. Tilbake får dei kameratskap, utvikling av seg sjølv og gleda ved å glede andre.

Øystein Grue

For lokførar i CargoNet Gjermund Hansen var det nok inga overasking at han skulle komme til å bruke mykje av fritida si på jernbane, det har liksom ikkje vore noko anna enn jernbane i livet hans.  – Eg har hatt interesse for jernbane heile livet, eg har alltid visst at eg skulle bli lokførar. Eg har ikke visst om noko anna. Og med gamle tog er du med og formidlar kulturhistorie, du får gleda av å glede andre. Det er noko eg opplever når eg er ute og køyrer damp. Det er openbart at mange likar det, det kan stå mykje folk langs linja når vi kjem med eit damptog.  – I tillegg har du den sosiale biten, det blir eit kameratskap av det etter kvart. Hadde det bare vore å møte opp, køyre ein tur og køyre tilbake igjen, så hadde det ikke vore særleg gøy, meiner Hansen.

Bremsar: Henrik B. Backer på Krøderbanen, ein dag han gjorde tjeneste som bremsar på eit godstog. Trappa leier opp til bremsarhuset med utsikt over vogntaka. Foto: Gjermund Hansen

Stort mangfald Han forteljer om mangfaldet i arbeidsoppgåvene som finst i det historiske jernbanearbeidet. Det er noko for alle interesser. Ein kan drive på med alt frå drift og vedlikehald av både rullande materiell og skjenegang, til skriving av medlemsblad og trykking av gamle togbillettar, frå trydding av kratt langs med sporet til vedlikehald av sporvekslar. – Nokre få av dei frivillige driv berre på med ein ting, men dei fleste av oss gjer mange ulike ting. Det er jo slik at toga skal gå og jernbanen skal bli drifta, seier Hansen.  Gjermund Hansen får betalt for å være lokførar i CargoNet, i tillegg køyrer han damplok gratis for Krøderbanen og for Norsk jernbanemuseum på det nasjonale jernbanenettet. Det er eit langt utdanningsløp han må gjennom.  – Alle som køyrer damplok i Noreg i dag har tatt utdanninga si på fritida. Det er primært museumsbanane som utdannar folk med eit eige utdanningsløp, man går gradane frå pussar i stallen til førar og ein følgjer det gamle utdanningsløpet til NSB. Du ser boka ligg her, seier Gjermund Hansen, og peiker på læreboka på bordet framfor han.   Det er fleire trinn ein må gjennom, ganske mykje praktisk opplæring og du må bestå praktiske prøver.  – Når du har vore gjennom alt dette kan du bli fyrbøtar og når du har fyrt damplokomotivet ei stund kan du begynne å øve på å køyre og etter kvart kan du bli lokførar på dei norske museumsjernbanane. Det er eit kjempeløp. Når det er frivillig kan ein heller ikkje vente at folk skal dukke opp til bestemte tider, og folk er ulike. Nokre treng lengre tid enn andre. For å køyre damp på det nasjonale jernbanenettet, må ein i tillegg være utdanna moderne lokførar. 

Det er også tilfredsstillande å jobbe for ei større eining, og ikkje berre for eiga vinning, meiner han.

Henrik B. Backer
Må gjerast: Henrik B. Backer smørar pukkvogn på Krøderbanen. Foto: Gjermund Hansen.

Slett ikkje einspora Gjermund kjem inn på den sosiale dimensjonen i det frivillige jernbanearbeidet.  – Den er viktig. På Krøderbanen blir den gamle stasjonsmesterboligen brukt til overnatting, sosiale samankomstar og måltider. Det blir ein del togpreik, det er ikkje tvil om det, men vi kan snakke om andre ting også.  – Det frivillige jernbanemiljøet er ikkje så einspora som fleire vil ha det til, det er ein myte og eg er opptatt av at det er vanlege folk som driv på med dette her, seier Hansen engasjert.  Møtet med folk er også viktig for Henrik B. Backer. Det er det første han trekker fram når han pratar om kva som er fint med det frivillige jernbanearbeidet. – Ein treffer folk med ulik bakgrunn og kompetanse, og ein lærer mykje fordi vi jobber saman med andre som har kompetanse i et handverk. Plutseleg står du der og hjelper til. Det er veldig interessant, seier Backer som lever av å være instruktør for trikken i Oslo Sporveier. 

Alle som køyrer damplok i Noreg i dag har tatt utdanninga si på fritida.

Gjermund Hansen

Tilfredsstillande Han meiner ein må utfordre seg sjølv, for det er utviklande. Og så blir det mykje kameratskap ved at ein jobbar saman med andre folk som har den same interessa.   – Det er også tilfredsstillande å jobbe for ei større eining, og ikkje berre for eiga vinning, meiner han. Backer er leiar for Norsk jernbaneklubbs driftsavdeling på Krøderbanen, og har vært medlem sidan han var rundt tolv år. I 2007 starta arbeidet med verneplan for rullande materiell og Henrik har jobba mykje med å beskrive dei 300 til 400 einingane som er nemnt i verneplanen. I tillegg var Henrik aktivt med i Lokaltrafikkhistorisk forening i Oslo, og var med på å bygge opp Sporveismuseet for 35 år sidan. – Det er saman med andre at ein kan få tru til å flytte fjell. Eg følar at det blåser vår veg nå, når vi snakker med politikarar og folk i forvaltninga, er det atskilleg sympati, seier Henrik om behovet for tiltak som kan ta vare på togmateriell og kunnskap om håndverka.

DAMPKØYRING med kvite hanskar måtte til da Gjermund Hansen var lokførar ved Dovrebanens 100-årsjubileum, og kronprins Haakon var om bord. Foto: Lars Fredrik Andersen

Hadde ikkje klart oss utan – Vi kunne ikkje ha vore utan dei. Kulturminnevernet i Noreg er organisert med ein stor grad av frivilligheit, og jernbanen har vore velsigna med både aktive og kompetente frivillige, slår direktør ved Norsk jernbanemuseum Eirik Kristoffersen fast.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.