Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Gods Uvêr og utfordringar for togtrafikken
, ,

Uvêr og utfordringar for togtrafikken

Etter at Randklev bru på Dovrebanen kollapsa under storflaumen midt i august, har delar av Dovrebanen vore stengt for trafikk. Bane NOR undersøkjer no alle moglegheiter for å erstatte Randklev bru over Lågen ved Ringebu. Så mykje godstrafikk som mogleg er overført til Rørosbanen.

Bane NOR har innhenta ekstern ekspertise for å få hjelp med vurderingane av både mellombelse bruløsninger som kan byggjast raskast mogleg, og permanent kryssing av Lågen ved Ringebu. Som følgje av at Dovrebanen er stengde, har Jernbanedirektoratet vedteke å gi godstrafikk prioritet på Rørosbanen. Frå måndag 4. september vart talet på persontog mellom Hamar og Røros redusert frå seks til to daglege avgangar kvar veg, medan talet på godstog er auka frå to til seks daglege avgangar kvar veg. – Det er kritisk viktig for samfunnet at gods får prioritet på den gjenverande kapasiteten vi har mellom Oslo og Trondheim no når Dovrebanen er stengde, seier avdelingsdirektør Erik Lund i Jernbanedirektoratet.

Erstattar rundt 220 trailerar kvar dag

Jernbanedirektoratet har i dialog med Bane NOR og SJ komme fram til endringane i ruteplanen, som vil gi ei tredobling av talet på godstog som fraktar varer på Rørosbanen. Auken svarer til om lag 220 trailerar dagleg, som elles ville belasta vegnettet på strekninga Oslo – Trondheim. – Vi klarer dessverre ikkje å få plass til alle godstoga som skulle køyrt på Dovrebanen, men ved å prioritera gods på Rørosbanen får me ei best mogleg løysing for å sikra banegående vareforsyning i Noreg. Med tog kan me frakta store volum mat og andre nødvendige varer mellom landsdelane på ein effektiv, trygg og miljøvennleg måte, seier Lund.

Færre persontog

Som konsekvens av auken i talet på godstog, må togpassasjerane på Rørosbanen belage seg på færre avgangar og buss for tog som erstatning for avgangane som blir kansellerte. – Vi har stor forståing for at dette er frustrerande for alle dei som føretrekkjer å reisa med toget. Det er enklare og betre å frakta personar med buss for tog enn å flytta store mengder gods over på andre transportformer, og me må prioritera det som er best for samfunnet. Derfor har vi bede SJ om å redusere talet på avgangar på Rørosbanen, fortel Lund. Lund rosar SJ for at selskapet har vist forståing for dei samfunnsmessige behova i denne ekstraordinære situasjonen. – Dette er ikkje ein god situasjon for SJ og alle passasjerane, og vi set derfor stor pris på at SJ både vil ta vare på passasjerane med alternativ transport, og at dei har vist forståing for situasjonen, seier han. For persontoga Røros – Trondheim er den eine av tre daglege avgangar erstatta av buss for tog mellom Røros og Støren i begge retningar.

-Alle moglegheiter for raskast mogleg å få på plass ei ny eller ei mellombels bru over Lågen ved Randklev undersøkjast. Brua vart øydelagd av storflaumen midt i august. (Foto: Sigmund Korsgård, Bane NOR)

Dovrebanen

Jernbanedirektoratet og SJ Norge er òg samde om ein mellombels ruteplan for Dovrebanen som vart gjorde gjeldande frå 4.september. Før brukollapsen køyrde SJ seks daglege avgangar på Dovrebanen mellom Oslo og Trondheim. Frå måndag 4. september er det fire daglege avgangar kvar veg, som betener Gudbrandsdalen med tog mellom Oslo og Lillehammer og buss mellom Lillehammer og Dombås. Vidare blir det tre avgangar på heile strekninga mellom Oslo og Trondheim, med tog mellom Dombås og Trondheim. I tillegg er det etablerte ein dagleg gjennomgåande togavgang Oslo-Trondheim via Rørosbanen. – Det er ikkje gøy å nedskalere tilbodet og me skulle helst ha vore denne situasjonen forutan. Men når me først manglar brusambandet ved Ringebu, har me komme fram til ei løysing som vil dekkja etterspurnaden langs Dovrebane-strekninga, seier avdelingsdirektør i Jernbanedirektoratet, Erik Lund. Årsaka til at togtilbodet på Dovrebanen blir nedskalert, er at den mellombelse ruta med tog på begge sider av Randklev bru krev fleire togsett. Sørgåande tog frå Trondheim må snu på Dombås, medan nordgåande tog frå Oslo må snu på Lillehammer.

Persontrafikken på Rørosbanen er skåra kraftig ned for å gi plass til fleire godstog på banen. Mellom Trondheim og Hamar blir det no køyrt berre to togpar i kvar retning, og eitt togpar går heilt til/frå Oslo S. Her er direktetoget til Trondheim over Røros på oslo S. (Foto: Njål Svingheim)

– Vi har òg teke høgd for at etterspurnaden vil gå noko ned fordi reisetida blir lengre og reiseopplevinga blir redusert som følgje av buss for tog på delar av strekninga, seier Lund. Parallelt med dette ruteopplegget blir det arbeidd med å korta inn buss-for-tog-strekningen til berre å omfatta strekninga Fåvang – Ringebu, som er stasjonane på kvar side av brotstaden. Bane NOR arbeider òg intensivt med å finna fram til raskast moglege løysing for å få på plass igjen brua over Lågen.

Innstilte nattog

Mellom storbyane Oslo og Trondheim blir det samla sett fem avgangar kvar veg, på Dovrebanen og Rørosbanen. I tillegg til SJs rutetilbod på Dovrebanen køyrer Vygruppa ein avgang kvar veg mellom Lillehammer og Dombås, som betener regionale reiser i Gudbrandsdalen. Nattoga langs Dovrebanen er innstilt så lenge det går buss for tog mellom Dombås og Lillehammer.

Fant du det du lette etter?

Takk for din tilbakemelding!

Vi leser alle henvendelser, men kan dessverre ikke svare deg.