Jernbanedirektoratet Jernbanemagasinet Arkiv Godstrafikk I gang med kapasitetsutviding på Kongsvingerbanen
Her kommer nye Galterud kryssingsspor. Anlegget skal stå ferdig i august 2026.
, ,

I gang med kapasitetsutviding på Kongsvingerbanen

Bane NOR har no starta opp arbeida med å auke kapasiteten på den hardt pressa Kongsvingerbanen. Det skal gi både plass til fleire tog og lengre tog. Eit viktig element i kapasitetsauken er å kunne køyre godstog mellom Oslo og Narvik på heile 740 meters lengd. Kongsvingerbanen frå Lillestrøm til svenskegrensa ved Magnor har svært tett trafikk.

Njål Svingheim

På Kongsvingerbanen går det regiontog kvar time til og frå Kongsvinger, det går fjerntog til og frå Sverige, og det går ikkje minst ei lang rekkje godstog. Etterspurnaden etter ruter på Kongsvingerbanen er høgare enn det det finst plass til. På ein vanleg dag går det rundt 100 tog på den enkelspora banen. Strekninga vart erklært overbelasta i 2017. No skjer det noko, og nyleg vart byggjestarten markert på Galterud stasjon av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Byggestarten ble markert ved overreksels av en spade fra samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (t.h) til Bane NORs prosjektdirektør Martin Hove.Njål Svingheim
Byggjestarten blei markert ved overrekking av ein spade frå samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (t.h) til Bane NOR sin prosjektdirektør Martin Hove.

Gods fortener merksemd

– Godstrafikken er viktig for vareforsyninga og for å avlaste vegnettet for vogntog. Den er viktig for både trafikktryggleik og miljø. Her på Kongsvingerbanen går kvar mykje av det som trengst av matvarer og forbruksartiklar i heile Nord-Noreg i godstoga mellom Oslo og Narvik. Godstrafikken fortener også merksemd, seier Nygård.

– Med desse tiltaka legg vi til rette for lengre godstog og auka konkurransekraft for gods på bane. – Så er det også fint at det blir auka kapasitet for alle typar tog med slike tiltak, seier han. Det vil óg bidra til fleire tog i rute.

Ivar Olsen er prosjektleder for nye Galterud kryssingsspor.Njål Svingheim
Ivar Olsen er prosjektleiar for nye Galterud kryssingsspor.

I full gang

– Vi har allereie starta på jobben her ved Galterud, fortel prosjektleiar Ivar Olsen i Bane NOR. – Det nye kryssingssporet byggjer vi litt lengre aust enn dagens korte spor på Galterud stasjon. Årsaka er at vi då unngår å måtte byggje to nye og kostbare bruer, og dessutan at vi får det nye kryssingssporet på ei rettare strekning. Det nye kryssingssporet blir 1040 meter langt, noko som med sikkerhetsavtstander betyr at to godstog på 740 meters lengd kan møte kvarandre.

Dette skal etter kvart bli standard lengd på toga til og frå Narvik, men er også kjærkomme for andre godstog, ikkje minst tømmertrafikken. Inne på dagens Galterud stasjon vil Bane NOR behalde eit stikkspor av omsyn til behovet for banens drift og vedlikehald. Prislappen for nye Galterud kryssingsspor er på om lag 350 millionar kroner. Entreprenør er Anlegg Øst AS og sporet skal stå ferdig til bruk i august 2026.

På den gamle Galterud stasjon blir det beholdt et stikkspor av omsyn til banens drift og vedlikehald. Det nye kryssingssporet blir bygd litt lengre aust.Foto: Njål Svingheim
På den gamle Galterud stasjon blir det beholdt eit stikkspor av omsyn til banens drift og vedlikehald. Det nye kryssingssporet blir bygd litt lengre aust.

Byggjer fire nye kryssingsspor

I tillegg til Galterud nye kryssingsspor skal det byggjast også på Seterstøa, Rånåsfoss og Bodung.

Seterstøa skal det byggjast ny overgangsbru som erstattar dagens planovergang. Dermed blir det mogleg å utnytte kryssingsporets fulle lengd og samtidig betre trafikktryggleiken.

Rånåsfoss stasjon blir det bygd både nye plattformer, overgangsbru over jernbanen og lengre kryssingsspor. Det betyr både auka kapasitet for togtrafikken, tryggare tilkomst, betre tilgjengelegheit og fleire parkeringsplassar ved stasjonen.

Ved Budung vest for Årnes blir det bygd eit heilt nytt kryssingsspor for auka kapasitet og lengre tog. I samband med det nye Bodung kryssingsspor blir samtidig fem planovergangar fjerna og erstatta av nye vegar til planskilde overgangar.

Prioritert i NTP

Arbeida med å auke kapasiteten på Kongsvingerbanen inngår i «Effektpakka for auka kapasitet for kombigods mellom Oslo og Narvik». Effektpakka er prioritert i Nasjonal transportplan.